Hopp til innhold

– Forbod fører til fleire påsette brannar

Brannvesenet sitt forbod om open eld fører til fleire påsette brannar. - Det oppstår ein del brannar på underleg vis, seier brannsjefen i Bergen.

Johnny Breivik montasje

Brannsjef Johnny Breivik (innfelt) seier store fokuset på brannfare kan føra til fleire påtente brannar. Biletet syner den store brannen på Flatanger.

Foto: Oddgeir Øystese/Ove Magne Ribsskog (Flatangernytt) / Montasje

Det kan jo hende vi vekkjer sovande bjørnar når vi går ut slik og varslar om brannfaren.

Johnny Breivik, brannsjef i Bergen

Dei siste vekene har det handla mykje om brann i nyhendebiletet. Først i Lærdal, då ei heil bygd lenge stod i fare for å brenna vekk. Då brannvesenet til slutt fekk kontroll, hadde 40 bygningar brent ned til grunnen.

Deretter braut det ut stor brann på Flatanger og seinare på Frøya. Desse hendingane, saman med med tørt vêr og mykje vind, gjorde at det vart totalforbod mot bruk av open eld langs heile kysten denne veka.

Likevel har brannvesenet i Hordaland vore nøydde til å rykkja ut på ei lang rekkje små gras- og lyngbrannar den siste veka. Onsdag kveld og natt til torsdag måtte dei ut og sløkkje fem påsette brannar på Sotra.

– Vekkjer brannstiftarane

Brannsjef Johnny Breivik i Bergen legg ikkje skjul på at det store fokuset på brannfaren kan føra til fleire slike brannar.

– Erfaringsmessig ser vi at når det er mange grasbrannar og det er mykje fokus på det, så får vi ein del brannar som me tykkjer har oppstått på underleg vis, seier han til NRK.

– For å snakka i bilete; det kan jo hende vi vekkjer sovande bjørnar når vi går ut slik og varslar om brannfaren.

– Får det konsekvensar for korleis dykk går ut og varslar når det er skogbrannfare?

– Vi prøver å vera bevisste på det. Vi må jo også ut med viktig og nyttig informasjon om faren. Samstundes har vi med det at vi treng ikkje setje fram fleire "idear" enn vi strengt tatt treng, svarar Breivik.

Artikkelen held fram under biletet

Lensmann på brannåsted

SKREMMANDE: Lensmann Odd Dale på Sotra står på ein av fem plassar der det byrja å brenne natt til torsdag. Han er skremt av at folk truleg har starta brannene.

Foto: Andre Marton Pedersen / NRK

Held på forbodet over helga

Laurdag byrja ein nedlagt skule i Sveio å brenna, og flammane spreidde seg raskt til terrenget rundt. 20 bustadar vart evakuerte men brannvesenet fekk til slutt kontroll. Årsaka til brannen er ikkje kjend.

I vêret er det venta enno meir vind. Yr.no melder laurdag auke til søraust sterk kuling og periodevis liten storm utsette stader i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Noko nedbør får ein først på søndag att i Hordaland, i det som har vore ein historisk tørr januar fleire stader i landet.

Breivik fortel at dei truleg held på totalforbodet over helga.

– Det vil vara så lenge vêrsituasjonen varar. Vi må ha litt meir temperatur og fukt, først då vil vi vera kjapt ute å demobilisera og få ned att forbodet.

Dei som bryt forbodet vil verta meldt til politiet.

– Vi er veldig glad for at politiet er tydeleg på det, og vi trur det verkar preventivt, avsluttar Breivik.