Hopp til innhold

– Bilistar som står fast her må slutte å syte

– Hardangervidda er for særskilt interesserte. Dei som blir ståande fast må berre akseptera det, meiner Jan-Ove Halsøy i lastebileigarforbundet. No ber han vegvesenet bruke ressursane på andre fjellovergangar.

Halsøy Hardangervidda

– BRUK PENGANE ANDRE STADER!: Jan-Ove Halsøy i Norges Lastebileier-forbund meiner det heller bør brukast pengar på andre fjellovergangar, og at Hardangervidda bør nedprioriterast.

Foto: NRK

Hardangervidda brøytebil

KJENT SYN: Tar ein riksveg 7 over Hardangervidda vinterstid, er ein avhengig av god brøyting.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

Desember var ein vêrhard månad på høgfjellet, noko som har ført til ei rekkje stengte fjellovergangar. Det får konsekvensar både for sjåførane, transportørane og næringslivet.

Sjå oppdaterte vegmeldingar frå NRK Trafikk her.

– For det første gir det store kostnadar for oss som transportørar og næringslivet som kjøper transporttenestene. Men det får også konsekvensar for sjåførane, som ikkje anar om dei kjem seg fram dit dei skal tidsnok. Det er eit enormt press på dei, seier Jan-Ove Halsøy, fylkesleiar i Norges Lastebileier-forbund.

Han meiner Statens vegvesen må prioritere hardare for å sørge for at det til ein kvar tid finst fjellovergangar som er opne.

– Folk må slutta å syte

Riksveg 7 over Hardangervidda var den mest stengte fjellovergangen i 2013. Vegen var stengt i i 122 timar, og det var kolonnekøyring i 124,5 timar.

Leiaren i lastebileigarforbundet meiner det er feil å leggja store pengar i fjellovergangen på Hardangervidda, og tek etter dei mange stengingane den siste tida til orde for omfordeling av ressursane.

Det er heilt feil å bruka så mykje pengar på Hardangervidda.

Jan-Ove Halsøy i Norges Lastebileier-forbund

– Det er heilt feil å bruka så mykje pengar på Hardangervidda når ein kunne brukt pengane for å få større føreseielegheit på overgangane Haukelifjell, Filefjell og Hemsedal.

Med fire mil høgfjell på Hardangervidda meiner Halsøy at Haukelifjell er ein sikrare overgang å leggje pengar i.

– Filefjell og Hemsedal er blitt så føreseielege og sikre. No må vi sikre Haukeli - det er her det må genererast pengar, seier han.

– Vi må slutte å kaste inn alternative løysingar. Hardangervidda er for særskilt interesserte. Dei skal sjølvsagt få lov å køyra der, men dei som blir ståande der må berre akseptera at dei blir ståande fast og slutte å syte. Dette har vi sagt igjen og igjen til vegvesenet, fortel Halsøy.

Vil ikkje redusera ressursbruken

Helge Eidsnes

VIL IKKE NEDPRIORITERE HARDANGERVIDDA: – Det bør heller vere fokus på korleis vi permanent kan auke oppetiden på vegane, seier regionvegsjef Helge Eidsnes.

Foto: NRK

Regionvegsjef Helge Eidsnes seier Statens vegvesen lytter til innspelet frå lastebileigarforbundet, men har ingen planar om å nedprioritere Hardangervidda.

Ei årsak er at vegvesenet ikkje meiner ei slik nedprioritering vil gjera dei andre fjellovergangane betre.

– Etter vår meining vil det ikkje det, nei. Når vi må stenge fjellovergangane, er det fordi det er så dårleg vêr at det ikkje er forsvarleg å køyre over. Vi vil vinne marginalt ved å omfordele ressursane, seier Eidsnes.

Han påpeiker at vegvesenet har andre omsyn å ta enn berre godstransporten.

– Dette er eit velkjent synspunkt fra lastebileigarforbundet. Men vegvesenet må tenkje på heilskapen, med næringsinteresser og reiseliv, folk som skal til skianlegg som helgegjestar, og så vidare. Difor er det ikkje aktuelt å redusere beredskapen på Hardangervidda.

Stor betring på Filefjell

Når vi må stenge fjellovergangane, er det fordi det er så dårleg vêr at det ikkje er forsvarleg å køyre over.

Regionvegsjef Helge Eidsnes

Regionvegsjefen meiner lastebileigarforbundet heller burde interessert seg for å sikre at alle fjellovergangane blei meir stabile.

– Det burde heller vore fokus på korleis vi permanent kan auke oppetiden på vegane. Det er vi godt i gang med på Filefjell, der det pågår omfattande arbeid fram mot 2017, seier Eidsnes.

Han lovar at trafikantane vil merke betring på Filefjell allereie neste vinter.

– Og i 2017 vil vi ha ein heilårsveg aust/vest med tilnærma ingen stenging i det heile tatt. Det er også planar for Haukelifjell, seier Eidsnes.

- La Hardangervidda snø igjen på uversdagar! Oppmodinga kjem frå Norges Lastebileigarforbund - dei meiner vegvesenet heller bør bruka pengar på dei andre fjellovergangane mellom aust og vest. Også i dag var Vidda delvis stengt på grunn av uver.

SJÅ VIDEO: - La Hardangervidda snø igjen på uversdagar! Oppmodinga kjem frå Norges Lastebileigarforbund - dei meiner vegvesenet heller bør bruka pengar på dei andre fjellovergangane mellom aust og vest. Reporter: Turid Rogne | Foto/redigering: Christine Kongsvik