Ein 20 år gammal kajakkpadlar er sakna på Voss, etter at han laurdag fall ut av kajakken sin og .
20-åringen var på padletur saman med tre kameratar då dette skjedde. Turen var ikkje i regi av Ekstremsportveko, som startar i dag, men Ekstremsportveko er naturlegvis prega av det som har skjedd.
Sjansane for å finna padlaren i live no er veldig små. Vår medfølelse går til familien, venner og andre som er berørte, skriv Ekstremsportveko i ei pressemelding søndag.
Blir arrangert som planlagt
Det viktigaste no er å ta vare på dei som er berørte. Eit kriseteam er oppretta for å ta vare på dei tre som var saman med kajakkpadlaren då han forsvann, står det i pressemeldinga.
Kajakkmiljøet på Voss er strekt prega av hendinga, men har blitt einig med Ekstremsportveko om å arranger aktivitetar som planlagt. Utøvarane meiner at dette er viktig.
– Kajakkmiljøet på Voss er sterkt prega av hendinga. Våre tankar går til padlaren sin familie og vennene hans som var saman med han i elva denne dagen, seier leiar Dag Sandvik i Voss Kajakklubb.
– Så normalt som mogleg
Raundalselva, der 20-åringen fall ut av kajakken, blir ikkje brukt under Ekstremsportveko.
– Dette er heilt klart ein veldig vanskeleg start for Ekstremsportveko 2012, men festivalen vil bli arrangert så normalt som mogleg, seier leiar Sofie Torlei Olsen.