Hopp til innhold

– Eg trur IS ville ramme eit ikon

I går vart 82 år gamle Khaled Asaad henretta av IS. Professor ved Universitetet i Bergen Jørgen Christian Meyer var kollega og ven av Asaad. – Han var eit ikon i Syria, seier Meyer.

SYRIA-CONFLICT-JIHADISTS-ARCHAEOLOGY-HERITAGE-PALMYRA

HENRETTA: Myndigheiter i Palmyra stadfestar ovenfor internasjonal presse at arkeologen Khaled Asaad er henretta. Familien hans skal ha blitt informert i går.

Foto: HO / Afp

– Eg er berre rysta. Det er eg. Eg forsøker å forstå kva som har hendt, men mine tankar går og til familien og innbyggjarane i Palmyra, seier Jørgen Christian Meyer.

I går vart det kjent at den anerkjente arkeologen Khaled Asaad har blitt halshogd av IS-jihadistar. 82-åringen skal ha blitt avhøyrd i ein månad før han vart henretta av terrororganisasjonen.

Liket til Asaad er funnen i Palmyra, ein 2000 år gamal by i Syria. Arkeologen skal ha hatt ei viktig rolle i over 50 år, for å ivareta olditdsbyen og gjere den kjent for eit større publikum.

IS har tatt kontroll over Palmyra. Asaad sitt lik skal ha blitt hengt opp på ein romersk søyle i sentrum av byen.

Meyer

VENN OG KOLLEGA: Jørgen Christian Meyer jobbar ved Universitetet i Bergen, men vart godt kjent med Asaad etter eit norsk-syrisk samarbeid.

Foto: NRK

Sentral i norsk samarbeid

Professor Meyer ved Universitetet i Bergen var ein kollega av Khaled Asaad og ein personleg ven av arkeologen. Dei to vart kjent fordi Asaad hadde ei viktig rolle i eit samarbeidsprosjekt mellom syriske og norske forskarar.

Hør Kulturnytts intervju med Meyer her!

Det norskfinansierte prosjektet oppdaga fleire landsbyar kring Palmyra, som aldri har vore kjent tidlegare.

– Khaled hadde ei nøkkelrolle i dette samarbeidet. Han var ein stor administrator og igangssettar i den store arkeologiske institusjonen i Syria. Det tilsvarar riksantikvaren i Norge, forklarar Meyer.

UIB-professoren trur det og er ein del av forklaringa på kvifor IS brutalt henretta den aldrande forskaren.

– Vi veit ikkje kva som har hendt eller kvifor, men vi må forstå at han var nesten som eit ikon for denne oldtidsbyen og dens utforskning, seier Meyer.

Mideast Syria Islamic State

BORGARKRIG: IS har tatt over byen Palmyra. Her er gjer dei inntog i ein av dei nærliggande byane sør for Palmyra. Syriske myndigheiter forsøker å ta byen tilbake, med luftangrep.

Foto: Uncredited / Ap

Skattar frakta vekk

Ei mogleg forklaring på kvifor Asaad vart bortført, ifølge nyheitsbyrået Reuters, er at IS søkte svar på kvar ei fleire arkeologiske skattar er skjult av syriske myndigheiter. I tida før IS inntok Palmyra skal dei fleste oldtidsskattane ha blitt frakta vekk.

– Dei arkeologiske skattane frå museet i Palmyra blei stort sett flytta til Damaskus. Det må IS ha visst. Eg trur dei ville ramme eit ikon med å gjere dette. Dei ville eller kunne ikkje øydelegge byen, men dei ville ramme eit ikon, seier Meyer.

Han forklarar og at Khaled Asaad sine brødre og familie sit høgt i det syriske militære og i forvaltninga.

– Mine tankar går og til innbyggjarane i Palmyra. Dei står midt i ei klemme mellom IS og syriske myndigheiter, som sender luftangrep mot byen for å ta den tilbake frå IS, seier Meyer.

– Dette er ein borgarkrig, med forferdelege konsekvensar. Ikkje berre for Khaled, men og for innbyggjarane.