Hopp til innhold

– Eg levde i eit helvete og var redd heile tida

For ti år sidan klarte Annette Michelsen å komme seg ut av eit valdeleg forhold. I dag fortalde ho historia si i høve FNs internasjonale dag for avskaffelse av vold mot kvinner.

Anette Mikkelsen

BRAUT UT: For ti år sidan klarte Annette Michelsen å komme seg ut av eit valdeleg forhold. I dag fortalde ho historia si i høve FNs internasjonale dag for avskaffelse av vald mot kvinner.

Foto: Kaspar Knudsen / NRK

– Det byrja allereie før eg blei fødd. Eg blei fødd i ein familie der det allereie var etablert ganske alvorleg familievald, fortel Annette Michelsen.

Eg har lært at eg er sterk og at han kanskje ikkje var så sterk likevel.

Annette Michelsen

Som lita var det ho som tok på seg rolla som «demparen», den som skulle redde og beskytte dei andre i familien. Seinare enda ho opp som kjærast med ein valdeleg mann det tok årevis å komme seg bort frå.

– Det var veldig intens psykisk vald, mobbing og trakassering. Eg blei også utsett for ein del fysisk vald, og blei tatt kvelartak på ein gong i veka. At eg ikkje tykte kvelartak ein gong i veka var mykje, set nok eit perspektiv på kor mykje psykisk vald det var eg blei utsett for, fortel Annette.

LES OGSÅ: – Ministeren må komme på banen

– Det knuser sjølvbiletet ditt

Anette Mikkelsen

LEVDE MED VALD: Det er no ti år sidan Annette Michelsen klarte å bryte ut av forholdet med kjærasten. I dag fortalde ho om dette for fyrste gong på ein konferanse i Bergen.

Foto: Kaspar Knudsen / NRK

På FNs internasjonale dag for avskaffelse av vold mot kvinner i dag, fortalde Anette Mikkelsen for fyrste gong offentleg om korleis det var å leve i og bryte ut av eit valdeleg forhold.

– Eg levde i eit sant helvete, og var redd heile tida. Eg hadde jo barn eg skulle ta meg av i dette forholdet. Eg var redd for både deira liv, og mitt eige. Dei åra levde eg ikkje, eg berre eksisterte, fortel Annette.

Å komme seg bort frå den valdelege kjærasten tok lang tid. kanskje spesielt sidan ho allereie var vanen me då leve tett på vald, fortel ho.

– Når ein veks opp med vald i nære relasjonar vert nokre grenser sprengt, det knuser sjølvbiletet ditt. Som lita hadde eg nok sprengt nokre grenser for meg sjølv, og sett alle andre sine behov fyrst.

– Blei tida i hel

Det er no ti år sidan ho klarte å bryte ut av forholdet med kjærasten.

– Eg har hatt lyst til å fortelje denne historia så lenge. Eg har vore så rasande forbanna på korleis samfunnet vel å forholde seg til vald i nære relasjonar, ved å ikkje forholde seg til det. Det har gjort meg så lynande forbanna.

Eg har vore så rasande forbanna på korleis samfunnet vel å forholde seg til vald i nære relasjonar.

Annette Michelsen

Då Anette blei eldre synte det seg at fleire hadde vist om kva ho gjekk gjennom heime.

– Men det tiast jo i hel. Og det blei også situasjonen heime gjort då eg var lita. Då eg i vaksen alder gjekk inn i eit valdeleg forhold, snakka eg om det. Men eg var så ung, så eg veit ikkje om dei som var rundt meg klarte heilt å ta i mot det.

– Eg fortalde det, og eg trur dei trudde på det. Men eg trur og dei tykte det var vanskeleg å gå inn i. Ein har ikkje kunnskap om korleis ein skal handtere det. Då eg fekk hjelp frå krisesenteret fekk eg den hjelpa eg trengde, fortel ho.

LES OGSÅ: Sterkt kritisk til lang ventetid i valdtektssak

– Eg har lært at eg er sterk

For Anette blei vendepunktet Vernepleieutdanninga. Då fekk ho fagkunnskapar som stadfesta at det ho følte og kjente var rett. Ho byrja å planlegge korleis ho skulle komme seg ut av forholdet.

– Eg flytta frå han og det gjekk ikkje så bra. Han forfølgde meg overalt.

Kjærasten fekk hjelp frå Alternativ til vald, og Annette bestemte seg for å gi han ein sjanse til. Men då han ikkje endra seg, bestemte ho seg for å flytte bort. I dag har ho ingen kontakt med ekskjærasten.

– Hadde eg møtt han åleine i ein skog, hadde eg nok besvimt av skrekk. Men elles plagar det meg lite. Eg har lært at eg er sterk og at han kanskje ikkje var så sterk likevel.

LES OGSÅ: Må man trues dagleg for å få opphald?