Hopp til innhold

Dårleg sikt grunna tåke i Halsnøytunnelen

Tjukk tåke i Halsnøytunnelen i Kvinnherad kommune skapar problem for trafikantane. – Skyldast temperaturforskjell, seier Statens vegvesen.

Tåke i Halnøytunnelen

TJUKK TÅKE: Det har vore tjukk tåke i Halsnøytunnelen dei siste vekene. Det har skapt problem for trafikantane.

Foto: Elisabeth Berg Hass / Kvinnheringen

– Eg hadde maks to meter sikt, og tenkte på korleis dette hadde gått om det var ein kvardag, seier Heidi Sætre.

Sundag ettermiddag skulle Heidi Sætre, som er frå Halsnøy i Kvinnherad kommune, køyre til og frå Husnes. Begge vegane køyrde ho gjennom Halsnøytunnelen, og fekk ei ubehageleg oppleving.

– På begge turane var det ein grå, tjukk vegg av tåke som plutseleg stod mot meg. Det var tåke frå eg kom ned mot botnen i tunnelen, og nesten heile vegen ut av tunnelen, seier Sætre.

– Eg snakka høgt, og kjefta ut i lufta på desse som ikkje tar betre vare på oss bilistane som skal føle oss trygge når me køyrer gjennom tunnelen, seier ho.

Køyrde i 30 km/t

Tåke i Halsnøytunnelen har Heidi Sætre opplevd fleire gonger, men ikkje så ille som det var på sundag. I tillegg til tett tåke, var det òg sleipt i vegbanen.

– Det var dårleg sikt. Eg bremsa på, og sette på tåkelys dersom det skulle komme nokon bak meg som gjerne ikkje kunne sjå meg så godt. Eg fekk litt panikk, og håpte det ikkje kom til å skje noko. Det var ubehageleg, seier ho.

Ho hadde barnebarn med i bilen, og tok ordentleg omsyn då ho køyrde.

– Eg tenkte berre at hjelpes her måtte eg berre setje ned farta. Eg køyrde berre i cirka 30 kilometer i timen. Likevel var det ein bil som køyrde forbi meg sjølv om eg ikkje kunne sjå noko, seier ho.

Har klaga

Heidi Sætre har tidlegare tatt kontakt med Statens vegvesen.

– Eg har ringt til dei og klaga, men det verkar som om bilistane som køyrer der dagleg ikkje blir tatt på alvor. Dei seier dei skal sjå på det, men det er ikkje nok å sette på viftene på, seier ho.

Ho seier ho håpar vegvesenet tar ansvar.

– Det må for all del ikkje skje noko ulykke der, det ville vore ein stor katastrofe, seier Sætre.

Vifter hjelper

Tina Nesse i Statens vegvesen seier viftene vanlegvis blir styrt automatisk av ei programvare, men at med det varme vêret dei siste vekene har ikkje dette fungert optimalt.

– Dette problemet har me hatt oppe fleire gonger dei siste vekene. Det har hjelpt at vegtrafikksentralen har køyrt opp viftene, så er det slik at viftene blir trappa ned att. Om det skjer automatisk veit eg ikkje, seier Nesse.

Ho seier at tåka i Halsnøytunnelen oppstår fordi det er høge temperaturar ute og kaldare inne i tunnelen.

– Det er så store temperaturforskjellar, så det er det som er hovudårsaka til å ein får våte vegbanar og dårleg sikt på grunn av take, seier Tina Nesse som er kontrollingeniør i Statens vegvesen.

– Kan desse viftene stå på heile tida, slik at ein hindrar at det plutseleg blir dårleg sikt?

–Det kan eg ikkje svare sikkert på, fordi det er vegtrafikksentralen som styrer viftene, og me kan ikkje styre dei sjølv, seier Nesse.