Hopp til innhold

Iman (26) søkjer ven på Finn

Iman Adam kjenner seg einsam i Norge og ønskjer seg ein ven som vil lære henne betre norsk. Difor la ho ut ei annonse på Finn.

Iman Adam søker venn

VIL LÆRE NORSK: Då Iman Adam (26) kjende seg einsam og ville lære norsk valde ho å legge ut ei annonse på Finn.

Foto: Renold Tennysen Christopher / NRK

I annonsen søkjer ho etter ei kvinne som for berre tusen kroner vil bu hos henne i Bergen i sommar. I tillegg fristar ho med sudansk mat og tilbyr seg å lære sin nye ven og leigebuar arabisk.

– Det var to årsaker til at eg la ut annonsen. Eg ville lære norsk så fort som mogeleg og så ønskjer eg meg norske vener. Eg har ingen familie og er einsam her i Norge, fortel Iman.

Vil snakke meir norsk

Iman har budd i Norge i 2,5 år og er politisk flyktning frå Sudan. Først budde ho 1,5 år på eit asylmottak i Moss, men det siste året har ho saman med dottera Rital Faizal (2) budd i Åsane i Bergen.

– Eg er nesten ferdig utdanna tannlege i heimlandet mitt. Eg ønskjer å fullføre utdanninga mi, men då må eg kunne norsk på eit høgt nivå, seier Iman på nesten flytande norsk.

Gjennom skule og norske naboar får ho snakka ein del norsk, men ho har ingen norske vener.

– Eg har veldig snille naboar, men når dei kjem heim frå jobb så er dei kanskje slitne eller har planar. Det er viktig at eg får meg norske vener som snakkar norsk. Eg vil integrere meg her i Bergen og vere ein del av dette samfunnet, seier Iman.

Ikkje farleg, berre einsam

Ho har mange vener frå Sudan som også bur i Norge, men dei har også familie og er difor ofte opptekne.

– I helgene og feriane er ekstra einsam. Eg har ingen familiar og er i Norge åleine, noko eg bekymrar meg over. Det hadde vore fint å hatt ein nær ven som eg kunne finne på ting saman meg. Kanskje gå på kafé eller gå på tur, seier Iman.

Nordmenn er ikkje så lette å bli kjent med, synest Iman.

– Det er kjempelett å seie hei og sånt, men det tar lang tid å bli vener. Eg er litt sjenert, og når eg snakkar med folk eg treff så tenkjer eg at dei har det travelt eller kanskje ikkje har lyst å snakke med utlendingar, seier Iman.

I annonsen skriv ho mellom anna «vær so snill norske menneske ikkje vere redd for meg eg er ikkje farleg, men berre einsam».

– Eg veit at mange nordmenn er redde for utlendingar fordi dei ikkje veit noko om dei, seier Iman.

Iman og Rital søkjer venn

TILBYR MAT: Iman (26) tilbyr sudansk mat og språkopplæring i arabisk til leigebuaren sin.

Foto: Renold Tennysen Christopher / NRK

Mange vil treffe Iman

Annonsen har fått mykje merksemd. Mange har spreidd den vidare på sosiale media og sist veke skreiv også Bergens Tidende om den uvanlege annnonsa.

– Eg har fått veldig mange svar. Så langt har eg funne ei dame frå Oslo som skal bu her i to veker, og ei dame frå England som også skal bu her. I tillegg får eg besøk allereie til helga, smiler Iman.

Det ser altså ut til at annonsen vil føre til nye vener for Iman. Framleis ligg annonsen ute og mange tar kontakt og fortel at dei vil hjelpe og treffe henne.

– Det å leggje ut denne annonsen har lært meg at det er viktig å ta iniatitiv. Ein må gjere noko for å få noko, fortel Iman.

Ho er ikkje redd for å ha framande i huset sitt.

– Nei, dei verkar normale dei eg har snakka med. Eg trur det blir ein spennande sommarferie, ler Iman.