Hopp til innhold

Fabrikksjefen: – Det verste som kan skje er at tilsette vert skadde på jobb

Det er mindre enn to år sidan førre eksplosjon på Toro-fabrikken i Arna. No vurderar fabrikksjefen å sjå på tryggleiksrutinane nok ein gong.

Atle Pedersen

FABRIKKSJEF: Atle pedersen, fabrikksjef på Toro i Arna, meiner at tryggleiksrutinane på fabrikken er gode, men at han vurderar å gjere betringar på rutinane etter at det i dag eksploderte i ein silo på fabrikken.

Foto: Jørgen Eide / NRK

– Me veit førebels ingenting om årsaka til eksplosjonen i dag. Men det er først og fremst dei som vart råka av eksplosjonen og dei tilsette på fabrikken vår me tenkjer på no, seier fabrikksjef på Toro i Arna, Atle Pedersen.

Måndag klokka 14.05 blei det meldt om ein støveksplosjon i ein tank på Toro-fabrikken i Arna. Ifølgje politiets innsatsleiar, Ole Bjørn Sveen, var det ein gnist samstundes med at det kom pulver ned i ein silo som førte til eksplosjonen.

To skadde

Sveen

TO TIL STADES: Politiets innsatsleiar fortel at det var to personar som oppheldt seg like i nærleiken av siloen der eksplosjonen skjedde.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Ifølgje Sveen var det få menneske til stades i bygget då eksplosjonen skjedde, men to personar oppheldt seg rett ved siloen.

– Éin av dei vart behandla for lettare skader, medan éin mann i femtiåra er sendt til Haukeland med alvorlege skadar.

Mannen i 50-åra vert behandla på sjukehus for brannskadar i andletet og på øvste del av kroppen.

Andre gong på halvanna år

marita scott

REISER TILBAKE: Tysdag reiser Arbeidstilsynet tilbake til Toro-fabrikken for å sjå nærmare på tryggleiksrutinane på fabrikken.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Ein liknande eksplosjon skjedde ved fabrikken i august 2012. Også då skjedde det under fylling av ein tank.

– Manglande jording ved anlegget var årsaka til statisk elektrisitet som igjen førte til ein eksplosjon, seier tilsynsleiar i Bergen, Marita Scott.

Det var ingen som vart alvorleg skadde under eksplosjonen for halvanna år sidan, men éin mann fekk mindre skadar etter at han vart blåst bortover eit golv og treft av ei dør.

I morgon reiser den same inspektøren som førte tilsynet i 2012 tilbake til Toro-fabrikken i Arna.

– I 2012 vart det gitt pålegg om å lage eit eksplosjonsverndokument for å kartleggja risiko, og for å koma med tiltak for å redusera den.

Ho seier arbeidstilsynet førebels ikkje veit om ulukka i dag skjedde på same stad som ulukka for to år sidan.

– Men dersom den gjorde det må me sjå på om tiltaka me gjennomførte den gongen var gode nok. Me må uansett finne ut kva som har skjedd her.

(Artikkelen held fram under biletet)

toro

ÉIN TIL HAUKELAND: Éin mann i 50-åra vart sendt med luftambulanse til Haukeland sjukehus med alvorlege brannskadar.

Foto: NRK

– Me har gode tryggleiksrutinar

Heller ikkje Fabrikksjef Pedersen kan seie om det var same årsak til støveksplosjonen i dag som i 2012.

– Me har ikkje gjort undersøkingar på staden enno, så det veit me ingenting om.

– Kva tenkjer du om at det berre er to år sidan sist det var ein liknande eksplosjon på fabrikken?

– Det som hende i dag er noko av det aller verste som kan skje ein fabrikksjef er at nokon av dei tilsette vert skadde når dei er på jobb.

– Kjem de til å gå gjennom tryggleiksrutinane på fabrikken etter dette?

– Det har eg ikkje gjort meg nokon tankar om. Me har gode rutinar for tryggleik her på Toro. Desse vil me betre dersom det kjem fram noko nytt etter denne eksplosjonen.