Hopp til innhold

– Eg visste at det var levande der inne. Det var heilt absurd.

Det er 10 år sidan MS Rocknes gjekk rundt ved Bergen og 18 personer mistet livet. Ulykken endra både sikkerhetsreglene til sjøs og livene til dei som ble berørt. Redningsmann Erik Bustgaard er ein av dei som var tettast på tragedien i Vatlestraumen.

Det 166 meter lange skipet kantra i Vatlestraumen utanfor Bjorøy i Hordaland.

18 MISTA LIVET: Ulukka i Vatlestraumen for ti år sidan rysta ein heil nasjon.

– Eg gløymer aldri den dagen. Det som skjedde var heilt uverkeleg, fortel Bustgaard til NRK.

Erik Bustgaard

KAN ALDRI GLØYME: Redningsmann Eirik Bustgaard hamna midt oppe i tragedien.

Foto: Jarl Omenstad / NRK

Det er ti år sidan han kom først, og hamna midt oppe i tragedien. Ti år sidan han vart vitne til katotiske augneblink og folk som kjempa for livet i iskaldt vatn.

LES MEIR: Forliset som rysta Noreg

Første på staden

Det redningsmannen blir vitne til, er den største ulukka med grunnstøting i norsk skipshistorie.

– Me var vel cirka ein nautisk mil sør for Rocknes då me fekk varsling og eg høyrde Mayday. Eg gjekk eg bak til vinduet for å sjå.

Synet som møtte han kom uventa. Rocknes hadde slagside.

– Då snur me kjapt og køyrer rett mot båten, fortel han.

Gjekk rundt på to minutter

Det tok ikkje meir enn to minutt før lastebåten gjekk rundt.

– Framme på staden vart det kaotisk, me høyrde rop rundt oss etter kort tid. Då skjønte vi at det var overlevande i sjøen, seier Bustgaard.

På dekk gjorde redningsmannen alt han kunne. Han kveila mellom anna opp eit tau som han kasta til overlevande i vatnet. Samstundes høyrde han banking frå skroget.

– Det var jo banking ganske lenge. Det var uverkeleg. Eg visste at det var levande inne der. Det var heilt absurd.

Redningsskøyta han var på berga opp seks mann. Rockens hadde eit mannskap på tredve.

SJÅ DEI DRAMATISKE VIDEOANE FRÅ FORLISET:

Rocknes forliste 19. januar 2004. 18 mennesker mistet livet.

«Vi skjønte ikkje omfanget»

Den første meldinga som kom inn til brannstasjonen var at ein båt hadde gått rundt i Vatlestraumen.

– Det var umulig å skjøne omfanget. Vi ana ikkje kva som venta oss, fortel leder for operativ avdeling i Brannvesenet i Bergen, Leif Linde.

Redningsstyrkene hadde base på Hilleren kai. Dei søkjer i vatnet og veit at det finst overlevande på innsida i skroget. Hovudfokuset til innsatsleiar vert å få desse ut. Men timane går, og tida gjekk.

– Det me frykta var jo at skipet skulle synke. Det var heile tida den store faren. Me var slett ikkje sikker på at dette kom til å gå bra.

Jebsen: – Kjem aldri til å gløyme

Innsatsleiaren bestemte at alt personell som ikkje var hundre prosent naudsynte i redningsaksjonen skulle vekk.

– I tilfelle alt skulle gå gale, ville me at så få liv som mogleg skulle gå tapt.

Redningsmannskapene fekk ut tre personar. Men i Bergen måtte reiarlaget konstatere at dei mista dei fleste av mannskapet.

– Eg kjem aldri til å gløyme dette, seier administrande direktør Bjørn Jebsen i Kristian Jebsens Rederi AS.

To dagar etter ulukka inviterete han familiane til sjøfolkene til Noreg.

– Det var ein sterk oppleving. Det var då alle involverte faktisk forstod kva som hadde skjedd og konsekvensane av det.

SJÅ INTERVJU MED BJØRN JEBSEN:

Reder Bjørn Jebsen ti år etter ulykken

Ville truleg ikke skjedd i dag

Ti år etter ulukka er mye forandra. Strengare krav til dobbel bunn i skip gjer at vanninntrenginga ved ei tilsvarande grunnstøting hadde teke mykje lenger tid.

Skjæret i Vatlestraumen er sprengd vekk.

Trafikken gjennom det trange sundet vert no overvåka av Trafikkstasjonen på Fedje. Det same vert skipstrafikken i andre utsette område langs heile kysten.

– Denne ulukka kjem aldri til å verte gløymd, verken av oss eller dei pårørande. Men vi må gå vidare, seier Leif Linde.

SJÅ INTERVJU MED LEIF LINDE:

Brannsjef Leif Linde snakker om hvordan han opplevde den de dramatiske timene til den tragiske rocknes ulykken.