Hopp til innhold

– Det lokale næringslivet blei gløymt etter tunnelbrannen

Turistselskapet The Fjords måtte setje opp si eiga ferje for å få turistane fram då Gudvangatunnelen var stengt.

Gudvangatunnelen

STENGD: Gudvangatunnelen har snart vore stengd i tre veker etter bussbrannen. Neste veke opnar han att.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

Gudvangatunnelen har snart vore stengt i tre veker etter bussbrannen, og opnar først i neste veke for vanleg trafikk.

LES MEIR: Snart opnar Gudvangatunnelen for alle

Vegvesenet sette ikkje opp ferje, ifølgje avdelingsdirektør Svenn Egil Finden fordi dei lange omkøyringane var like gode som ein to timars ferjetur, som uansett hadde hatt for liten kapasitet.

Men omkøyringsvegane hjelper ikkje den lokale turistnæringa i Voss og Aurland.

Noralv Distad

ORDFØRAR: Noralv Distad i Aurland.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

– Ein gløymer at det finst eit lokalt næringsliv som er heilt avhengig av tunnelen. Det næringslivet som held til i kvar ende, har behov for at tunnelen er open, eller at det finst eit alternativ når tunnelen er stengt, seier Rolf A. Sandvik, leiar i turistselskapet The Fjords.

Tapte stort på eiga ferje

Han meiner omkøyringsvegane vegvesenet tilrådde passa for trafikk mellom Aust- og Vestlandet, men at dei ikkje var eit godt nok alternativ for turistnæringa.

Difor oppretta selskapet si eiga «kriseferje» på Nærøyfjorden, for ikkje å miste turistbesøket i sommar.

Men The Fjords gjekk kraftig i minus på prosjektet. Ferja mangla 100 personbilar dagleg for at tiltaket skulle gå i null.

– Det går nok litt på at tilbodet ikkje har vore godt nok kjend, seier Sandvik.

LES OGSÅ: Kjenner seg nedprioritert av Vegvesenet

Vegvesenet informerte ikkje

Han undrar seg over kvifor vegvesenet ikkje har informert om ferja samstundes med dei tilrådde omkøyringsvegane.

– Det er jo litt rart, i og med at dei har vore i kontakt med oss, og fått informasjon om dette, seier Sandvik.

Finden i vegvesenet har tidlegare uttalt til BT at dei ikkje ville reklamere for ferja fordi den var drive av eit kommersielt selskap.

– Ferjetilbodet er kjempeviktig

Verken Sandvik eller Aurland-ordførar Noralv Distad har høyrt noko frå Samferdsledepartementet i saka.

– Dette er ein riksveg, så det er staten som har ansvar for trafikkavviklinga. Det er klart at ei slik stenging skapar store problem for næringslivet og andre trafikantar, seier Distad.

Distad rosar The Fjords for å ha tatt ansvar for den lokale transporten.

– Ferjetilbodet er kjempeviktig for turistane, som då får den opplevinga dei dreg jorda rundt for å få. Og så er det kjempeviktig for at næringslivet kan halde oppe aktiviteten og innteninga, seier Distad.

Etter tunnelbrannen i 2013 sette korkje vegvesenet eller private opp kriseløysing med bilferje på Nærøyfjorden.

– Da var det meir eller mindre slik at lyset blei slått av, og vi blei ein endestasjon. Og det trur eg nok næringslivet merker no at dei ikkje har blitt, seier Sandvik.

LES OGSÅ: Fryktar ho skal miste jobben etter tunnelstenging