Hopp til innhold

– Det er ei vond sak

Politimeister i Hordaland, Geir Gudmundsen, tar sjølvkritikk i Monika-saka. – Me forstår at folk stiller spørsmål rundt handteringa av saka, seier han.

Politimeister i Hordaland, Geir Gudmundsen, tar sjølvkritikk i Monika-saka.

TAR SJØLVKRITIKK: Politimeister i Hordaland, Geir Gudmundsen, seier han har forståing for at det blir spørsmål til etterforskinga av Monika-saka.

– Me har halde på med etterforsking frå hausten 2011, og me la vekk saka i august 2012. Me ser at å legge vekk saka ikkje var korrekt, seier politimeister i Hordaland, Geir Gudmundsen.

– Eg har full forståing for at folk stiller spørsmål om at politiet la vekk saka, seier han.

Vil granske saka

Riksadvokaten har vedteke å oppnevne ei arbeidsgruppe som skal granske den såkalla Monika-saka.

Politimeister i Hordaland, Geir Gudmundsen, har ikkje noko meining om politiet treng å granskast eksternt.

– For vårt vedkommande har me vedteke at me skal ha ei grundig evaluering av oss sjølv, og viss nokon meiner det er grunnlag for gransking så må me berre innrette oss etter det, seier han.

Mora til Monika seier til NRK i dag at ho ikkje har tillit til dykk, kva tenkjer du om det?

– Eg forstår det, og eg synest det er trist. Eg trur eg kan svare på vegner av alle som har vore involvert i den saka, at me har eit ynskje om at mora skal få eit godt svar på kva som skjedde med dottera hennar, seier Gudmundsen.

– Eit spørsmål om tillit

Åtte år gammel jente funnet død

FUNNEN DØD: Monika Sviglinskaja (8) vart funnen død av mor si i ein sokkelleilegheit på Steinsland i Sund kommune på Sotra i Hordaland, den 14. november 2011.

Foto: Mathiesen, Tor Erik H. / NTB scanpix

Ørnulf Øyen er professor ved det juridiske fakultet ved Universitet i Bergen, og han meiner spørsmålet om ei ekstern gransking av politiet dreiar seg om folket har tillit til politiet.

– Viss dei ikkje har tillit til politiet sitt arbeid i saka, så er det grunn nok til å sette i gang ei ekstern gransking, seier Øyen.

– Det er ikkje nokon lovreglar som seier noko konkret om når eller korleis ein skal granske slike saker. Det er det styresmaktene som skal ta stilling til, i dette tilfellet Riksadvokaten, men justisministeren kan også be om det, seier han.

Ørnulf Øyen meiner ei ekstern gransking er på sin plass.

– Det vil vere i politiet si interesse at ei gransking blir gjort. Dei er avhengig av tillit og utan gransking vil tvilen bli hengjande over saka, seier han.

– Sjølv om pågripinga er ny, så har spørsmålet om tillit hengt i lufta lenge i denne saka, seier Øyen.

– Svake ressursar

Odd Hilt er tidlegare etterretningssjef i politiet i Hordaland, og er no privatetterforskar.

Han meiner økonomi og ressursar ikkje bør spele nokon rolle i saker som dreier seg om drap på barn.

– I slike saker er det viktig at ikkje utanforståande ting kjem i vegen for vurderingane politiet skal gjere. Økonomi og ressurssituasjon bør ikkje spele noko rolle for politiet i slike saker, seier Hilt.

– Dessverre er politiet sine ressursar svake. Det bør ikkje spele inn, men eg ser ikkje bort frå at det kan ha gjort det i denne saka, seier han.

– Skuffande interesse

Odd Hilt seier det er tydeleg at viljen til å sjå på saka på nytt har vore skuffande liten, og at ein må finne ut av kva som har skjedd her.

– Eg synst det er alvorleg når det sit så langt inne for politiet å ta opp att ei sak. Her har ein erfaren etterforskingsleiar åtvara politiet, men dei tok det ikkje til følgje. Eg kan ikkje sjå bort frå at det har skjedd i andre saker også, seier Hilt.

Han meiner kompetansen i etterforskingsarbeid er viktig.

– Dei store politikammera har etterforskingsleiarar med brei og god erfaring, og difor bør alle slike saker etterforskast av eit sentralt organ av ein viss storleik, seier han.