Hopp til innhold

– Folkeviljen har vunne i Meland

Etter 14 mot 13 røyster, sette kommunestyret i Meland i dag ein stoppar for Nordhordlandspakken. Motstandarane jublar no over avgjerda.

Nordhordland

NEI TIL BOM: Fleire hadde møtt med motstand-plakatar då kommunestyremøtet starta i Meland i dag.

Dei andre kommunane i regionane har allereie sagt ja, men Meland går imot straumen og har derimot sagt nei til Nordhordlandspakken.

Det skjedde på kommunestyremøtet i Meland i dag, der Nordhordlandspakken skulle bli behandla. Det var venta stort publikumsoppmøte og stort engasjement.

Og det vart ei nokså nervepirrande og jamn avrøysting, som til slutt enda med 14 røyster mot og 13 for i den siste versjonen av bompengesøknaden.

Bompengane skal finansiere ei rekke mindre vegprosjekt i Nordhordland, men folk er usikre på kva dei får igjen for bompengane.

– Folkeviljen har vunne

Bompakken var no inne i siste runde. Hordaland fylkesting gjekk inn for bompakken i desember, som har ein prislapp på 1,3 milliardane. Av desse skulle 920 millionar finansierast ved hjelp av bompengar.

I over ti år har Morten Klemetsen i aksjonsgruppa «Nei til bompengar» jobba mot bompengar i regionen. I dag kan han feire at Meland går i mot straumen og seier nei til Nordhordlandspakken

Kommunestyremøte Nordhordlandpakken

DISKUTERTE: Klokka 17:00 starta kommunestyremøtet i Meland, der Nordhordlandspakken skulle bli behandla.

Foto: Sigrid Grøm Bakken

– Folkeviljen har no vunne i Meland kommune. Folket sine røyster har blitt høyrt og vi har lydhøyre politikarar som vil høyre på folket. Det er ei siger for demokratiet og Meland vil komme styrka ut av dette, seier Klemetsen til NRK etter møtet.

Ordførar Nils Marton Aadland var derimot tydeleg skuffa over avgjerda i dag.

– No må vi sjå på alternative løysingar for å få realisert viktige vegprosjekt i Meland og Nordhordland.

Stor usemje

Til no har alle kommunane, utanom Meland, støtta pakken. Om kommunestyret i dag gjekk inn for pakken, så ville den gå direkte til Samferdselsdepartementet, og kunne komma opp i Stortinget i vårsesjonen.

Ordførar i Meland meiner det er vanskeleg å gjennomføre vegprosjekt utan bompengar.

– Slik eg ser det er det vanskeleg, fleirtalet i kommunestyret ønskjer å sjå på andre alternativ utan bompengar, det er krevjande, men vi vil følgje opp vedtaket, seier Aadland.

– Det engasjementet som har vore her har verkeleg påverka enkeltrepresentantar, legg Aadland til.

Aasland meiner at det vil gå lengre tid i å få realisert viktige vegprosjekt i Nordhordland no.
– Vi har eit behov for å betre vegnettet, tryggare vegar og tryggare kollektivforbod, men det vil nok ta litt lengre tid, seier Aasland.