Hopp til innhold

– Dei fekk aldri hjelpa dei trengte etter krigen

I dag er det 70 år sidan bombinga av Holen skole i Bergen. – Folk fekk aldri hjelp til å bearbeide det dei opplevde, seier Jakob Inge Kristoffersen frå Senter for krisepsykologi.

Jakob Inge Kristoffersen

–MÅ FÅ HJELP RASKT: Mange som opplevde dramatiske ting under krigen, fekk aldri bearbeidet dette, dei fekk aldri bistand, seier Jakob Inge Kristoffersen frå Senter for krisepsykologi.

Onsdag 4. oktober 1944 gjekk britiske bombefly til angrep på den tyske krigsmarinens u-båtbunker «Bruno» i Nordrevågen på Laksevåg. Eit fåtal av bombene trefte målet, men fall i staden for ned over den vanlege bebyggelsen.

LES SAKA: 70 år sidan bombinga av Holen skole

Viss det går noko tid før hjelpa blir gitt, er det mykje vanskelegare. Då har ofte problema balla på seg.

Jakob Inge Kristoffersen

193 sivile personar døydde, blant dei 61 elevar som gjekk ved Holen skole.

Bombeangrepet blei eit tema ingen snakka om. I ettertid er det blitt kjent at mange av dei som overlevde bombinga har slite med angst, depresjonar og fleire har tatt sitt eige liv.

Jakob Inge Kristoffersen frå Senter for krisepsykologi seier mange aldri fekk hjelp til å takle det som skjedde.

– På den tida tenkte ein meir «du får berre sjå å komme deg vidare og legge dette bak deg». Mange som opplevde dramatiske ting under krigen, fekk aldri hjelp til å legge dette bak seg. Krigsveteranane våre frå andre verdskrig blei heller ikkje i varetatt i det hele tatt. Dei måtte greie seg sjølve.

(Artikkelen held fram under biletet)

Minnelund etter Holen-ofrene

SAMLA TIL MINNE: Dei omkomne skulebarna frå Holen skole blei begrava ved sida av kvarandre. Men i 2011 etablerte Bergen kommune ein minnelund der namna til dei døde står.

Foto: Anders Ekanger / NRK

Dukka opp i psykiatrien eller rusomsorga

På 1950 og 60-talet var all den kunnskapen me har om psykiske lidingar i dag, ukjent, fortel Kristoffersen.

– Samtidig oppdaga me på 1960-talet at fleire av krigsveteranen vore dukka opp i psykiatrien eller i rusomsorga.

Han seier ein på denne tida tenkte at desse problema var «gamle problem», som fyrst dukka opp då, 20–30 år etter.

Holen skole

BOMBA HOLSEN SKOLE: 4. oktober 1944 flaug allierte bombefly inn over Bergen. Lasta trefte Holen skole og området rundt.

Foto: Scanpix / SCANPIX

– I dag vet me at desse menneska har slite frå dag ein. Frå dei kom i land, frå dei kom heim har dei hatt problem.

Å komme over det ein opplevde under krigen, er mogleg seier Kristoffersen. Men det krev ei bearbeiding av opplevingane, som ikkje var vanleg på den tida.

– Kva skjer med oss når me ikkje får bearbeida det?

– Når me opplever ei så dramatisk hending, får me ei aktivering av kroppen vår. Me blir redde, rett og slett. Å få dempa denne reaksjonen krev faktisk at nokon tek tak i deg. Du kan sjølvsagt ta tak i det sjølv, men som oftast vil me trenge hjelp. I dag får folk denne bistanden i langt større grad.

LES OGSÅ: – Eg har jo heile livet føre meg, men dei fekk aldri sjansen

– Behandlinga må gå i gong raskt

Etter krigen var det verken politisk vilje eller kunnskapar i helsevesenet til å snakke om trauma folk kunne få etter å ha opplevd krig.

Holen skole

BOMBA: Røyk siger ut av ruinane av Holen skole på Laksevåg.

Foto: Statsarkivet

– I dag gjer me jo dette. Både Holen skole og 22. juli er begge veldig dramatiske situasjonar for dei som var involvert, så på mange måtar er det like situasjonar. Etter ei slik hending, ønsker me å komme raskt i gong med behandling, så fort som mogleg. Det gjorde me i alle fall i Hordaland etter 22. juli.

Å gje krisehjelp etter slike hendingar, har god effekt, meiner Kristoffersen.

– Me ser jo at all behandling som blir gitt har god effekt. Men det er sjølvsagt eit spørsmål om når den hjelpa kjem. Viss det går noko tid, før hjelpa blir gitt, la oss seie nokre år, så er det mykje vanskelegare å få gode effektar. Då har ofte problema balla på seg.