Hopp til innhold

– Barn må holde ut for mykje smerte

Mange born lir unødvendig mykje når dei er sjuke eller skadde. Mangel på kunnskap hos fagpersonar og skepsis hos foreldra er nokre av årsakene. No skal retningslinjer for smertelindring på plass.

Smertestillende

SMERTE: Arian Øren Johansen har skada fingeren og får hjelp på legevakta i Bergen.

Foto: Marthe Njåstad / NRK

Arian Øren Johansen er glad i ballspel, men no kan det bli ein ufrivillig pause på grunn av ein hoven veslefinger. På Bergen Legevakt får han hjelp av allmennlege Svein-Denis Moutte.

Svein-Denis Moutte på Bergen legevakt

FORSKAR: Lege Svein-Denis Moutte ved Bergen legevakt.

Foto: Marthe Njåstad / NRK

Moutte har forska på korleis legar, foreldre og barn handterer smerte i akutte situasjonar.

Han meiner ein let barn halde ut for mykje smerte når dei er sjuke eller skadde.

– Eit barn som brekte beinet på ski, fekk ambulansetransport til oss, men ikkje smertestillande. Hadde det vore ein vaksen, hadde han fått luftambulanse og morfin, seier Moutte.

Treng meir kunnskap

I studien han har gjennomført kjem det fram at legane både treng og saknar meir kunnskap om smertebehandling hos dei yngste.

– Dei saknar faste prosedyrar om handtering og behandling av smerte blant barn.

Han ser også at foreldre kvir seg for å gi medisin til barna sine, sjølv om ein ser at barna har vondt.

– Foreldre er redde for å gje medisinar, mellom anna fordi dei er uroa for at ungane skulle bli avhengige. Ein kan ikkje bli avhengig av paracet.

Smertestillende

MEDISIN: Legar ønsker meir kunnskap om smertelindring av barn.

Foto: Scanpix / SCANPIX

Opplever smerter sterkare

Lege og førsteamanuensis Christina Brudvik ved Universitetet i Bergen har vore med på same studien. Ho seier smerteopplevingar kan setta sterke spor hos born.

– Barn kjenner faktisk smerter endå sterkare enn vaksne. Det kan påverke barna vidare i livet om ikkje dette blir moderert, seier ho.

Brudvik meiner sterke smerteopplevingar kan skape «arr».

Nasjonalt kompetansenettverk for legemiddel til barn utarbeider i samarbeid med fagpersonar frå hele landet ein ny rettleiing for smertebehandling for barn på legekontor, legevakt og på sjukehus utan anestesi-personale. Desse skal komme i løpet av våren 2016.

– Men alt no har vi nokre retningslinjer som vi har lagt ut på nettsidene til Statens legemiddelverk seier ho.

I anbefalingane vil det mellom anna stå kva type medisin ein kan gi til born og kva dose.

Gir for lite medisin

– Vi kan bruke paracetamol, ibuprofen som er betennelsesdempande og vi kan bruke morfin som kan svelgast, seier Svein-Denis Moutte.

Han legg til at dosering av medisinar ofte er eit problem.

– Mange er redde for å bruke feil dose og overdosere. Det betyr at ein underdoserer i staden. Riktig vekt er det viktigaste for riktig dosering av medisinar hos barn. seier han.

Arian Øren Johansen har blitt sjekka grundig. Det er ikkje brot i veslefingeren, men det blir nokre vekers pause frå ballspel likevel.

– Det er dumt, for eg likar godt å vere keeper, seier Arian.