Hopp til innhold

– Ambulansen stod 40 meter frå oss, men nekta å hjelpe

Andre Vevang forsøkte hjelpe ein eldre mann som sa han hadde hjarteproblem. Då han bad ambulansen like ved om hjelp, fekk han beskjed om å ringe 113 i staden. – Kommunikasjonssvikt, seier AMK.

ambulansepersonell

– Eg stod ved sidan ein ambulanse utanfor legevakta i Bergen. Likevel fekk eg beskjed om at dei ikkje kunne gjere noko utan at eg ringde 113. Det er heilt absurd, og går ikkje an å forklare vekk, seier Vevang.

Andre Vevang frå Gulen forsøkte å hjelpe ein eldre mann som forklarte at han hadde hjarteproblem og frykta han skulle døy. Då han kontakta ambulansen like bortanfor bad dei han ringe 113 i staden.

– Det var heilt absurd

– Sidan eg fann mannen berre førti meter bortanfor legevakta, bestemte eg meg for springe dit i staden for å ringe AMK. Då eg kom dit stod der ein ambulanse. Eg fortalde at det låg ein mann med hjarteproblem rett rundt hjørnet, fortel Vevang.

Dei bad han ringe 113 i staden, ifølgje han.

– Det er eit tragisk svar. Eg blei frustrert og forstod ikkje kvifor eg skulle gjere det når eg stod rett ved sidan av ein ambulanse, seier Vevang.

Han bestemte seg for å filme heile situasjonen og legge det ut på Facebook. Så langt er videoen delt over 15.000 gongar.

– Engasjementet på Facebook viser at dette er eit grovt overtramp. Responsen har vore heilt ekstrem. Det er viktig at dette kjem ut, fordi slikt skal ikkje skje, meiner Vevang.

– Eg var oppriktig opprørt fordi eg følte mannen, som trudde han skulle døy, ikkje fekk hjelp.

Andre Vevang

FØLTE HAN IKKJE FEKK HJELP: Høyr historia her!

– Dei ville hjelpe

Sjef for ambulanse- og AMK-sentralen i Bergen, Guttorm Brattebø meiner Vevang har overreagert, og at vurderingane gjort av helsepersonellet var riktige.

– Det var ikkje slik at dei to som stod ved ambulansen ikkje ville yte hjelp til mannen, men dei var i ferd med å gjere klar ambulansen, og måtte få det gjort før dei kunne rykke ut, fortel Brattebø.

Han trur årsaka til at Vevang blei så opprørt i situasjonen var at han har misforstått ambulansepersonellet.

– Vevang har ikkje forstått kvifor ambulansepersonellet bad han ringe 113 for å fortelje om situasjonen. Han har sett det slik at ambulansen ikkje vil rykke ut med mindre 113-sentralen seier dei skal yte hjelp, og slik er det ikkje, seier Brattebø.

– Kommunikasjonssvikt

Han forklarar at dei tilsette i ambulansen ville gjere klar ambulansen, for så å køyre bort til pasienten. Årsaka til at dei ville han skulle ringe 113, var at Vevang då kunne fortelje om kva tilstand mannen var i og liknande.

– Har ikkje ambulansepersonell løpande kontakt med AMK-sentralen uansett?

– Jo, men i dette tilfellet ville dei berre skunde seg bort til pasienten, og ikkje bruke tid på å fortelje AMK om situasjonen, seier Brattebø.

AMK-sjefen har forståing for at Vevang oppfatta situasjonen som kritisk, men meiner det aldri var tilfelle. Pasienten fekk hjelp av ambulansen i løp av rundt tre minutt.

– Kommunikasjon er vanskeleg, og det er ikkje alltid vi klarer å formidle godt nok. Ambulansepersonellet oppfatta Vevang som veldig oppskjørta, og litt vanskeleg å kommunisere med. Det er også mogeleg at det er vi som er årsaka til at det har blitt ein kommunikasjonssvikt, seier Brattebø.

Oppfatta Vevang som aggressiv

Anne Margrethe Stokken

SJØLVKRITIKK: Seksjonsleiar ved rusakutten tar sjølvkritikk.

Foto: Ingvild Nave / NRK

På eit tidspunkt i filmen hamnar telefonen, som Vevang filmar med, i bakken etter at ein lege nærmar seg han og verkar ukomfortabel med at Vevang filmar situasjonen som oppstår rundt pasienten.

– Det er klart at vi ikkje skal hindre dei som vil filme på offentleg område, og det må vi ta sjølvkritikk for, seier seksjonsleiar ved Rusakutten i Bergen, Anne-Margrethe Stokken.

Ho har diskutert situasjonen med legen som nærmar seg Vevang, og forklarar at han ønskte å skjerme pasienten.

– Han oppfatta Vevang som aggressiv og høglydt. Ofte får helsepersonell ein refleks som går på å skjerme pasientar frå til eksempel filming. Det er årsaka til at han valde å blokkere filminga til Vevang, fortel Stokken.