Hopp til innhold

– Alle blir som tiåringar igjen

Badesesongen er over for dei aller fleste, men å leike i fjøra kan du gjere året rundt. Ein gjeng med godt vaksne driv med «coasteering» langs kysten i Hordaland.


Coasteering: Voksne menn hoppar i havet.

COASTEERING: Langs kysten, og i sjøen. Vaksne menn hoppar i sjøen med våtdrakt og hjelm. Foto:Kjetil Rydland og Kyrre Flotve/Redigering: Kjetil Rydland

Kyrre Flotve

COASTEERING: – Dei fleste blir som tiåringar igjen, seier Kyrre Flotve i God Tur AS om det å drive med coasteering.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

– Sjøen er ein del av naturen vår som me nesten ikkje brukar. Enten er du utanfor, med båt, eller så er du på land med tursko, seier Kyrre Flotve i God Tur AS.

Han er på tur med ein gjeng som gjer det dei kallar «coasteering». Dei går opp på berget, og hoppar i sjøen. Det skjer langs kysten, og alt skjer med våtdrakt og hjelm.

– Du går ned i fjøra, og så er det å bade og bakse, seier Kyrre Flotve.

– Blir overraska

Coasteering

COASTEERING: Hopping og bading i fjøra, med hjelm og med våtdrakt. Moro for vaksne og for barn, meiner Kyrre Flotve i God Tur AS.

Foto: Kyrre Flotve

Kyrre Flotve meiner at coasteering nok er ein aktivitet som dei aller fleste har gjort før, i alle fall då dei var yngre.

– Me har systematisert det litt meir, og så gjer me dette med dei som ikkje berre er ti år gamle, men også dei som er 40 og 50 år gamle, og eldre enn det også, Kyrre Flotve.

– Den sonen der du blir våt på beina og i håret og alt dette blir ikkje så mykje brukt, så dei fleste som blir med oss blir veldig overraska over kor flott naturen er, seier han.

(Saka held fram under videoen)

SJÅ DEI HOPPE FRÅ BERGET HER:

Hoppar i sjøen fra 12 meter.

Dei hoppar frå 12. meter! Sjå video her.

– Heilt unikt

Coasteering

HOPPAR UTI: Vaksne som unge hoppar i sjøen på coasteering.

Foto: Kyrre Flotve

Coasteering har blitt populært, og Kyrre Flotve har hatt med seg både folk frå Noreg, England, Canada, Spania, Japan, med fleire.

– Alle seier dei hadde høyrt om fjordane og fjella før dei kom til Noreg, men dei hadde aldri trudd at kysten var noko av det aller flottaste dei skulle sjå her, seier han.

– Det er heilt unikt at me har mogelegheita for å kunne vera på sjøen og vera innimellom øyer og oppleve å ha havet på trygg avstand, legg han til.

– Som tiåringar igjen

Coasteering

TRIVSEL: – Dei fleste blir i godt humør og kosar seg på coasteering-tur, seier Kyrre Flotve i God Tur AS.

Foto: Kyrre Flotve

Han seier dei som er med han på tur blir som barn igjen der dei leikar seg i sjøen.

– Om dei er ti år eller om dei er 50, det spelar liten rolle akkurat her, for dei blir ti år alle mann. Det er ei unik og flott oppleving i naturen, så det er mykje latter og smil, og folk er berre glade, seier Kyrre Flotve.

– Nokon oppdagar kanskje seg sjølv igjen. Det har iallfall me gjort, det var iallfall slik då me kom borti det, seier han.