Hopp til innhold

– Det var ekkelt og vekte vonde minne

47 personar vart evakuerte frå Ynglingens hostell då det byrja å brenne i nabobygget i Bergen sentrum tysdag morgon. – Gjestene er skaka etter det som har skjedd, seier eigaren av hostellet.

Created by InfoDispatcher

VIDEO: Sjå video av skadane etter at det brann kraftig ved Torget i Bergen sentrum tidleg tysdag morgon.

Eg fekk melding frå vaktselskapet vårt 04.30 at alarmen hadde gått og det var ein reell brann, så då var det berre å kasta seg i bilen, seier Bjarne Øystein Graabræk.

Graabræk er dagleg leiar i Bergen KFUK/KFUM og eig Bergen YMCA Hostel som ligg vegg i vegg med huset som vart totalskadd etter at det brann kraftig ved Torget i Bergen sentrum tidleg tysdag morgon.

Dagleg leiar KFUK

GLAD INGEN VART SKADD: Bjarne Graabræk er dagleg leiar i Bergen KFUK/KFUM og eig Bergen YMCA Hostel som ligg vegg i vegg med huset det brann i.

Foto: Per Vidar Raunholm

Gjestene var skaka

Graabræk vart møtt av brannvesenet som allereie var godt i gang med sløkkingsarbeid og evakuering.

– Hostellet vart evakuert og alle dei 47 gjestene var kome seg ut, seier Graabræk.

Han har fått snakka med nokre av gjestene som var skaka av det som skjedde.

– Dei var sjølvsagt veldig forvirra. Dei sov og måtte plutseleg berre kome seg ut, utan å få ta med seg noko. Men vi fekk informert dei tidleg om kva som skjedde, og eg reknar med at dei no har det bra, seier han.

Dei 70 personane som vart evakuert vert no transportert i buss til eit hotell i regi av politiet.

Brann i Bergen

NYTTA TAKTERASSEN: Brannvesenet nytta takterrassen til hostellet for å sløkke brannen i nabohuset.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Det er litt ekkelt

Hostellet har ikkje blitt skadd på grunn av brannen i nabolaget.

– Eg har vore inne i bygget og det ser ikkje skadd ut. Men det er litt røyk rundt omkring i bygget, seier Graabræk.

Det har berre gått nokre få år sidan sist det var brann i nabolaget.

– Det var litt ekkelt og vekte vonde minne. Då var det eit hus som stod to hus unna som brann ned, og det spreidde seg til nabohuset, heldigvis var det vindstille då sånn som i dag, seier eigaren.

Nytta takterrassen

Brannvesenet nytta takterrassen til hostellet for å sløkke brannen i nabohuset.

– Eg føler at hostellet er trygt, men eg blir jo skaka av at dette skjer igjen. Eit av våre forslag frå tidlegare har vore å få montert fast brannsprøyte på taket vårt, og det er vel meir modent for gjennomføring no enn nokon gong, legg Graabræk til.