Ein handletur til Kleppestø senter på Askøy tysdag førre veke enda dramatisk for Aslaug Josefsen (83). Då ho skulle ta mobilen opp av veska, trilla handlevogna av stad. Aslaug ville redda jordbæra og middagen i vogna, strekte seg etter varene, og snubla.
Det enda med eit stygt brot i den høgre armen. Fleire forbipasserande strøymde til, og tilkalla ambulanse som sende den eldre kvinna til Haukeland Sjukehus si intensivavdeling.
Blei forespegla operasjon neste dag
Men det var fyrst etter at ho hadde blitt innlagt på ortopedisk avdeling at den lange ventetida starta. Tysdag fortalde lokalavisa Askøyværingen om den eldre kvinna, som har venta ei veke med brot i armen.
For å vere klar for operasjon, blei Aslaug alt første kvelden sett til å faste, noko som er prosedyre ved eit slikt inngrep. Både ho og dei pårørande blei førespegla operasjon alt neste dag.
– Kvar gong nokon kjem inn døra, håpar eg at no kjem beskjeden om at eg skal få operasjon, seier den eldre kvinna stille.
Har fasta kvar dag i ei veke
Då NRK besøker Aslaug tysdag føremiddag, veit ho enno ikkje om det blir operasjon denne dagen. Ho har fasta sidan kvelden før, og er tydeleg sliten.
Kvar kveld i seks dagar har den eldre kvinna fått beskjed om å ikkje ete noko frå og med midnatt, for å vere klar for operasjon neste dag.
Neste dag, i fleire tilfelle seint på kvelden, etter ein heilt dag utan mat, har ho fått kontrabeskjed: Det blir ingen operasjon i dag heller. Deretter er det ny runde med fasting, og ny skuffelse neste dag.
–Dei er veldig snille her på avdelinga, og steller utruleg bra med oss. Eg har ingenting å klaga på slik. Men det gjer vondt å berre venta. Eg forstår at det er andre, kanskje meir alvorlege tilfelle som må koma før meg, men kan det vera slik dag etter dag?
– Beklageleg at dette skjer
På Haukeland Sjukehus seier klinikkdirektør ved Ortopedisk klinikk, Lars Oddvar Arnestad, at det dessverre av og til blir lang tid å venta.
– Eg kan jo ikkje gå inn på einskildpasientar, men vi prioriterer fortløpande ut frå medisinsk tilstand. På grunn av sjukdom mista vi før helga ei heil operasjonsstove, og så kom 17. mai. Det er marginalt og vi har lite å gå på med ei heil operasjonsstove ute av spel.
– Forstår du at denne kvinna er fortvila over å ha venta ei heil veke?
– Det er veldig beklageleg, og heldigvis er dette noko som skjer sjeldan. Inntil i haust hadde vi færre operasjonsstover, og det var vanlegare at folk måtte venta. No har vi eigentleg god dekning, og så lang ventetid er som sagt heldigvis sjeldan.
– Veit du når denne pasienten vil få operasjon?
– Som sagt kan eg ikkje gå inn på einskildpasientar, men vi må prioritera fortløpande, og det er vår utfordring. Om nokon kjem inn og treng meir akutt hjelp, må dei koma først i køen.
Må venta endå lenger
Kort tid etter at NRK forlèt sjukehuset tysdag føremiddag, sender dottera til Aslaug, Hildegunn Bøkevoll, ei fortvila melding på sms.
"Det blir ingen operasjon i dag heller. Dette er helt fortvilende. Man føler seg så maktesløs og frustrert over at eldre mennesker ikke er mer verdt enn som så! En skam rett og slett".
Heime på Askøy sit Aslaug sin mann og ventar. Han er pleietrengande, og svært uroleg for kona si.
På spørsmål om korleis ho trur det går heime medan ho er borte, kjempar Aslaug med tårene.
– Eg prøver å trøysta han som best eg kan over telefonen. Men det er ikkje godt å liggja slik, dag etter dag. At eldre menneske skal behandlast slik, er meir enn eg kan forstå.