På ei allmøte i bedrifta klokka 10.00 i dag fekk dei tilsette i Lyssand Treindustri beskjeden om at arbeidsplassane deira truleg vert flytta til Sverige, skriv nettstaden Nytt i Os.
Eigarselskapet Inwido Norge skal behandla spørsmålet i styret i midten av februar, og eventuell flytting skjer i utgangen av 2014.
Står i fare for å miste jobben
Lyssand, som produserer dører og vindauge, har 117 tilsette. Blir utflagginga ein realitet mistar minst 80 personar jobben sin.
– Hovudårsaka til flyttinga er sviktande lønnsemd, uttaler dagleg leiar Espen Hoff i ei pressemelding.
Han beklagar situasjonen til dei tilsette.
– Eg føler med dei tilsette som har fått den tunge beskjeden i dag. Vi har allereie byrja samtaler med dei tillitsvalde, mellom anna om korleis vi kan hjelpe medarbeidarane med å finne nytt arbeid, viss det blir flytting av produksjonen.
– Dramatisk
Os-ordførar Terje Søviknes seier til NyttiOs at flyttinga er «veldig dramatisk».
Det er til Lenhovda/Vetlanda i Sverige at bedrifta vurderer å flytte produksjonen. Sal og administrasjon held fram på kontor sentralt i Bergen.