Hopp til innhold

59-åring omkom: Vil finne ut om vegen var for dårleg salta

Det var svært glatt på E134 då eit vogntog velta og sjåføren omkom. Om vegen var salta blir eit viktig tema i etterforskinga av dødsulukka.

Vogntog velta i Etne

GLATT: Strekningen på E134 i Etne der eit vogntog velta onsdag morgon, skal vera kjent for å vera glatt. Ein 59 år gamal mann frå Slovakia mista livet i ulukka.

Foto: Kjell Bua

Ein mann mista livet då vogntoget hans velta i bakken opp frå Fjæra på E134 i Etne. Politiet har torsdag ettermiddag frigitt namnet på den omkomne.

Det var 59 år gamle Jan Kubinski frå Slovakia som mista livet i ulukka. Sjåføren var busett i Morgedal i Telemark.

Haugesunds Avis skriv at fleire no fryktar at E134 var for dårleg salta på staden der den tragiske ulukka skjedde.

– Spørsmålet om salting blir naturleg nok eit tema i etterforskinga, seier lensmann Ingvar Gjærde.

Etterforskar dødsulukka

Ovanfor NRK presiserer Gjærde at saltinga av europavegen er ein av fleire forhold dei etterforskar, for å få svar på kvifor den tragiske ulukka skjedde.

– Vegvesenet si ulukkesgruppe har tatt seg av vogntoget og åstaden i lag med politiet. Vi kjem til å undersøke farta og den tekniske standen på vogntoget. Den omkomne er sendt til Gades institutt for obduksjon, og vi ventar ein førebels rapport innan kort tid.

– Bar veg skal ikkje vera glatt

Vogntoget kom frå vest, og var på veg opp mot Haukeli då ulukka skjedde. Sannsynlegvis har køyretøyet støytt saman med autovernet og deretter køyrd inn i ein jordvoll før vogntoget velta over på førarsida.

Sjåføren var fastklemd då naudetatane kom til staden.

Byggeleiar Svein Erik Sandal i drift- og vedlikehald i Vegvesenet fortel til Haugesunds Avis at det i Fjæra går ei kontraktsgrense på salting av europavegen, og at dei på ulukkesstaden har ein sokalla «mellomstrategi».

- Det betyr at det ved bar veg ikkje skal vera glatt. Etterforskinga av ulukka vil vise om det har vore glattare enn kva kravet tilseier i vår strategi, forklarer Sandal.

Ulykke ved Fjæratunnelen i Etne

Ulukka skjedde i bakkane opp frå Fjæra på E134 i Hordaland.

Foto: Statens Vegvesen

Veit ikkje om det var salta

Til NRK torsdag ettermiddag seier Sandal at dei førebels ikkje veit meir om når det sist vart salta på strekninga.

Ved Eljarviktunnelen, nokre kilometer vest for ulukkestaden, er det ifølge Haugesunds Avis skilta med at salting tek slutt.

Fleire køyrer på E134 ofte fortel at strekningen opp frå Fjæra mot Rullestadtunnelen er kjend for å vera glatt. Hermann Berg, fylkesleiar i Norges Lastebileigarforbund i Rogaland, seier dei har tatt opp problemet med Statens vegvesen.

-– Det er eit vêrskilje der. Lokale sjåførar er kjent med fenomenet, men dette er eit problematisk område fordi du køyrer på salta veg gjennom hele Åkrafjorden. Når du då kjem ut av Fjæratunellen så kan det vere klink is, seier Berg til avisa.

dødsulukke etne