Hopp til innhold

Får 50 millionar kroner for å forska på Grønlandsisen

Forskarar ved Universitetet i Bergen får fleire titals millionar kroner til forsking på issmelting. Prosjektet vann fram i sterk konkurranse mot 450 andre søknadar frå heile Europa.

Issmelting Grønland

Heile 430 milliardar tonn vatn forsvann frå Grønlandsisen i løpet av 2013. Forskarar frå UiB får 50 millionar kroner for å forska på ismelting i Arktis. Her er ein bit is frå Jakobshavn-isbreen Isfjell i Ilulissat-fjorden.

Foto: Ian Joughin / NTB Scanpix

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima
Eystein Jansen

Direktør ved Bjerknessenteret i Bergen, Eystein Jansen. Han leiar forskinga som har fått mellom 50 og 60 millionar kroner frå det Europeiske forskingsrådet.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Klimaforskarar ved UiB og UNI Research kunne sleppe jubelen laus i dag. I ein konkurranse om finansiering frå det Europeiske forskingsrådet (ERC), vann dei fram med sin søknad om å forska på ismelting i Arktis.

– Dette er stort. Ingen prosjekt med norsk eller dansk deltaking har tidlegare nådd til finalen i Synergy-programmet, seier direktør Eystein Jansen ved Bjerknessenteret i ei pressemelding.

Kun tre prosent av søknadane vart innvilga, noko som betyr at fortidsklimaforskinga i Bergen held verdsklasse, legg Jansen til.

11 millionar kroner i året

Bjerknessenteret og UNI Research får mellom 50 og 60 millionar kroner fordelt over fem år. Det var søknaden Ice2Ice som vann fram i konkurransen, i kamp mot 450 andre prosjektsøknadar frå heile Europa. Kun 13 prosjekt fekk støtte frå ERC.

Klimaforskarane vil undersøka kva som skjer med isen på Grønland dersom sjøisen i Norskehavet forsvinn. Ein veit allereie at ein fekk ekstremt raske og store temperaturendringar på Grønland då sjøisen i Norskehavet brått forsvann under istidene.

Dette fekk verknader på temperatur og nedbør, også over store delar av kloden. Spørsmålet i prosjektet er altså om noko liknande kan skje når sjøisen i Arktis forsvinn.

Milepæl for norsk forsking

UiB skriv i pressemeldinga at forskingskronene er ein milepæl for norsk forsking. ERC Synergy Grants er det mest prestisjefylte finansieringsordninga for forsking i Europa, med hard konkurranse på tvers av alle fag.

Forskingsprosjektet er eit samarbeid det Danske meteorologiske institutt og universitetet i København.