Hopp til innhold

30 politifolk mot to aksjonistar

Politiet møtte mannsterke opp for å fjerna demonstrantar frå Rong. 15 bilar med 30 politifolk.

Video Politi fjerna Hardanger-aksjonistar

SJÅ VIDEO: Her blir bunadskledd Hardanger-aksjonist båret vekk av politiet.

Rundt 20 demonstrantar demonstrerte i går mot bygginga av kraftlinja mellom Sima og Samnanger i Hardanger. I går blei demonstrantar for første gong fjerna frå staden av politiet , men i dag var åtte personar tilbake på same stad.

– Me har fått opplyst at det er åtte demonstrantar på plass i dag. I og med at dei er der så kan ikkje me jobba der. Det er av omsyn til tryggleiken, seier kommunikasjonssjef Irene Meldal i Statnett.

Politiet kom i 15 bilar

Politiet fjernar demonstrantar frå Rong

Demonstrantane satt oppå ein container då politiet kom til staden.

Foto: Arnstein Karlsen

Statnett bad i dag tidleg demonstrantane om å flytta seg frå staden. Då det ikkje hjelpte kontakta dei politiet.

NRK sin fotograf på staden opplyser at politiet kom til Rong i 15 bilar.

Tilsaman 30 politifolk frå bergenspolitiet fekk oppgåva med å fjerna to av demonstrantane. Dei andre flytta seg frivillig frå staden.

Me fekk melding om at det var 7-8 aksjonistar som hadde tatt seg opp til området og sete seg på containerar som skal fraktast ut i terrenget. Me har vore der og gitt dei pålegg om å fjerna seg. Fire personar valde å forlata staden og to blei pågripe då dei ikkje følgde pålegget frå politiet, seier visepolitimeister John Reidar Nilsen.

Fengselsstraff tredje gongen

Dei to demonstrantane som blei pågripne blir no frakta til Bergen sentrum politistasjon der dei vil få ei bot.

– Viss dette er første gong er bota på 10.000 kroner og viss nokon av dei to var med i går så risikerer dei ei bot på 20.000 kroner i dag. Skjer det ein tredje gong vil me gå for fengselsstraff, seier Nilsen.

– Kvifor sendte de så mange politifolk?

– Det er eit stykke å køyra til Voss, og for å vera sikker på at me hadde tilstrekkeleg mannskap der oppe valde me å senda så pass mange opp, seier visepolitimeisteren i Hordaland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Politibilar ved Rong

Politiet kom i 15 bilar, både politibilar og sivile, då dei kom til Rong utanfor Voss.

Foto: Arnstein Karlsen

Etter det John Reidar Nilsen kjenner til skal det i ettermiddag ikkje vera fleire demonstrantar igjen på området.

– Det er klart at ytringsfridommen er viktig, men samstundes så kan ein ikkje driva ytringsfridommen på ein slik måte at ein hindrar anna lovleg verksemd, seier Nilsen.

Nilsen seier aksjonen får følgjer for etterforskinga av mange andre saker i Bergen.

– Dei som var på Voss i dag skulle ha etterforska saker i Bergen, så det er klart at dette har gått ut over anna politiarbeid, seier Nilsen til NRK.

(Artikkelen held fram under biletet)

Magne Hagesæter blir fjerna av politiet

Magne Hagesæter var den andre demonstranten som blei tatt med til politistasjonen i Bergen.

Foto: Arnstein Karlsen

Vil ikkje vedta bøter

Synnøve Kvamme er ein av dei som demonstrerer og ho sa i går til NRK at ho ikkje vil gi seg.

– No skal Statnett byrja i Hardanger og det er ein ny container som står her oppe i Rong, som dei skal fly inn i fjellet. Me meiner at det er veldig viktig at me får stoppa det, før dei blir spreidd for alle vindar. Difor vil me prøva å okkupera desse containerane lengst mogleg, seier Kvamme.

Viss ein ikkje følgjer pålegg frå politiet risikerer ein bøter på rundt 10.000 kroner.

– Eg personleg har ikkje tenkt å vedta ei slik bot. Då vil eg heller ha rettsak, fordi eg meiner at det ikkje er me som gjer noko ulovleg her og eg har ikkje tenkt å betala for noko eg meiner er heilt riktig å gjera, seier Kvamme.