Hopp til innhold

– Mange bussjåførar opplever trugslar og vald

Tre av ti bussjåførar har blitt utsette for trugslar på arbeid. No slår Yrkestrafikkforbundet alarm, etter at ein bussjåfør blei truga med hammar på Os i går kveld.

Buss til Bergen

RISIKO: 3 av 10 bussjåførar seier dei har blitt utsett for vald, trugslar eller ran. I går blei sjåføren på Kystbussen truga med hammar. Dette er eit arkivfoto.

Foto: Per Thime / NRK

Ingunn Larsen, Yrkestrafikkforbundet
Foto: Fotograf John Petter Reinertsen

I sommar la Yrkestrafikkforbundet fram ei undersøking som viser at tre av ti bussjåførar har opplevd å bli utsett for trugslar eller vald. I går blei nok ein bussjåfør truga på Stord, denne gongen med hammar.

Ein aggressiv mann truga seg til å få vere med bussen ved hjelp av ein hammar. Verken sjåføren eller andre fekk fysiske skader.

– Det er på tide å gjere noko. Vi ønskjer kontantfrie bussar, og at alle bussar skal ha kamera om bord. I tillegg bør alle bussjåførane få valdsalarmar, seier kommunikasjonssjef i Yrkestrafikkforbundet (YTF), Ingunn Larsen.

Økonomi framfor tryggleik

Dei er uroa for at økonomi nokre gongar blir viktigare enn tryggleiken om bord.

– Mange busselskap slit økonomisk og ønskjer ofte dei billigaste løysingane. Det betyr at økonomien stadig blir prioritert framfor tryggleiken til sjåførane, seier Larsen.

Forbundet har kontakt med sjåførar som slit med å gå tilbake på arbeidet etter ubehagelege opplevingar.

– Spesielt dei sjåførane som blir utsett for bussran har vanskar med å halde fram i arbeid. Det er skummelt, og gjer det vanskeleg å gå tilbake på arbeidsplassen sin, fortel Larsen.

Bussjåføren som køyrde Kystbussen i går, skal ha det bra. Tide Buss eig 75 prosent av Kystbussen, medan Boreal eig 25. Det var ein Boreal-buss som blei utsett for hendinga i går.

– Mange har hatt ubehagelege opplevingar

Trude Valle er konserntillitvald i Tide Buss og regionsleiar for Hordaland og Sogn og Fjordane. Ho har mange kollegaer som har fortalt om ubehageleg opplevingar på jobb.

– Ja, det er vanleg. Rundt juletider i fjor blei mellom anna ein av våre sjåførar slått ned medan han køyrde. Det enda i ei trafikkulukke. Heldigvis var farten låg, slik at ingen blei skadd, fortel Valla.

Trude Valle

VANLEG: Konsertillitvald i Tide Buss, Trude Valla, fortel at mange av hennar kollegaer i Bergen har opplevd trugslar på arbeid.

Foto: Privat

Vil ha kontantar ut av bussane

Sjølv køyrer ho buss i Bergen, og er glad for at fleire nyttar mobilbillettar.

– Det fører til at vi knapt har kontantbehaldning på bussane lenger, noko som er viktig. Denne utviklinga ser vi i alle byar, men på langrutene, slik som Kystbussen, er det litt annleis, fortel Valle.

På langrutene må alle passasjerane betale hos sjåføren framme i bussen entan med kontantar eller kort. I tillegg er det sjåføren sjølv som utfører billettkontroll, noko bysjåførane ikkje treng å gjere lenger.

– Før var det heilt vanleg å ta inn over 10.000 kroner i kontantar. Eg er glad det ikkje er slik lenger, men vi ønskjer å få alt av kontantar ut ifrå bussane, seier Valle.

LES OGSÅ:

– Vi tar dette svært alvorleg

Roger Harkestad, administrerende direktør Tide Buss AS
Foto: Tide

Konserndirektør Roger Harkestad i Tide Buss er heilt ueinig i kritikken frå YTF om at økonomiske omsyn trumfar tryggleiken i nokre tilfelle.

– Vi tar våre tilsette sin tryggleik med stort alvor. Så enkelt er det, og det tullar vi ikkje med. Vi har alarmknappar, GPS-sporing og kamera på alle våre bussar, seier Harkestad.

I følgje selskapet går alle deira sjåførar gjennom etterutdanningsprogram, samt kurs i samband med førarkortopplæringa for takle situasjonar som kan oppstå om bord i bussen. No er neste mål å kvitte seg med kontantar i størst mogeleg grad.

– Ved hjelp av mellom anna applikasjonar og PDF-billettar som kjøpast på førehand håpar eg vi vil minimere bruken av kontantar, fortel Harkestad.