Hopp til innhold

Gamalpopens «Knoll og Tott» feirar 25 år

Det har gått 25 år sidan alle song på Lollipop og du kunne sjå «Tidenes mest populære popprogram» på tv. No skal Rune Larsen og Tor Endresen ut på jubileumsturne.

Created by InfoDispatcher

VIDEO: Sjå då Rune Larsen og Tor Endresen besøkte studio i NRK Hordaland. Video/redigering: Kjell Jøran Hansen.

For 25 år sidan vart det innleia eit musikalsk samarbeid, som skulle begeistra heile TVNorge. Hausten 1988 fekk Rune Larsen eit oppdrag av NRK å laga fredagsunderhaldningsprogram. TV-programmet vart kalla, Lollipop. Der hovudfigurane var Rune og Tor.

– Lollipop var eit eventyr og det største eg var med på i min karriere, seier Rune Larsen.

Det som først skulle berre vera fire program på fredagskvelden, vart til slutt på heile 36 program.

– Det var ein respons vi ikkje hadde forventa, seier Larsen.

– Nei, eg hadde ikkje fjernaste peiling at det skulle bli så stort, legg Endresen til.

Lollipopmusikken

Programmet vart ein gedigen suksess med 300 000 selde plater, over 30 TV-program og mange konsertar over heile Norge. Den dag i dag snakkar folk om "Lollipopmusikk" som om det skulle vore ein musikalsk sjanger.

– Kvifor trur du at det vart så stort?

– Musikken er ikkje berre for nostalgikarar. Eg vaks opp med den musikken, og vi trudde at vi laga eit program for dei i 40 åra som hugsa den musikken, forklarer Larsen.

Det viste seg at programmet interesserte ei heilt annan sjåargruppe.

– Det viste seg at det var ungdommen som såg på programmet, og det overraska oss. Vi var det mest sette ungdomsprogrammet både i 1988,- 89 og 90. Så det var ikkje berre eit nostalgiprogram – for desse hadde jo ikkje høyrt songane, seier Larsen.

– Kvifor Lollipop namnet?

– Det er jo viktig med ein tittel som er kort, grei og som fortel noko. Det gjorde jo Lollipop. Folk hugsar det namnet, seier Larsen.

Reiser på turne

Dei siste åra har dei jobba mest kvar for seg, men no er det tid for å markera 25 år jubileet med å reise ut på turne i heile Norge. Framsyninga er ei musikalsk reise gjennom 25 år, der det blir sjølvsagt musikk frå 50 og 60-åra.

– Vi får enno brev frå folk som spør om ikkje vi kan laga tv-programmet igjen i dag, men no får dei heller sjå oss på turne, seier Larsen.

Rune Larsen og Tor Endresen feirer 25 år-jubileum.

VIDEO: Sjå den første Lollipop-sendinga.