Hopp til innhold

Éin av tre slit med nakkeproblem i skulen

Ei ny undersøking syner at kvar tredje jente i den vidaregåande skulen slit med smerter i nakken.

klasserom

- EIN FOLKESJUKDOM: Ei ny undersøking syner at kvar tredje jente slit med nakkesmerter på skulen. Forskarar er bekymra for at mange må slite med plagane resten av livet.

Foto: Kallestad / Scanpix

Nakkesmertene er eit stort problem, eg blir så fort ukonsentrert på skulen.

Ingvild Haugstvedt

– Det er absolutt for mange i skulen som slit med nakkesmerter. Me skulle gjerne funne at det er færre som har desse plagene, seier Solbjørg Makalani Myrtevit, forskar ved Universitetet i Bergen.

Ho har arbeidd med undersøkinga der 10 000 elevar ved vidaregåande skular i Hordaland har svara på om dei er plaga med smerter i rygg og nakke. Resultatet syner at nakkeproblem nærast har blitt ein folkesjukdom for unge jenter. Forskarar fryktar mange av dei må slite med plagene resten av livet.

Mobilbruk aukar risikoen

forskar

FRYKTAR SEINSKADAR: Forskar Solbjørg Makalani Myrtevit fryktar at elevane må slite med smertene resten av livet.

Foto: Adalheidur Audardottir Oldeide / NRK

Det er flest jenter som slit med problemet, men ung@hordalands-studien ved Uni Research Helse, syner at også gutane i vidaregåande skule har nakke- og ryggproblem.

– Meir enn dobbelt så mange jenter som gutar slit med nakkesmerter. Forskaren veit ikkje kvifor det er slik, men seier at det også er eit aukande problem for gutane.

Forskaren fortel at høg bruk av data og mobiltelefon er ei av forklaringane på at så mange slit.

– Me veit ikkje kva som er den nøyaktige samanhengen, men me fann at bruk av mobil og data aukar risikoen for å få desse plagene.

– Verst i eksamenstida

elev

UROA: Ingvild haugstvedt (18) er redd ho må slite med nakkesmerter i mange år.

Foto: Tim Wassmo / NRK

Ingvild Haugstvedt (18) er avgangselev på Danielsen vidaregåande skule i Bergen. Ho kjenner seg igjen når ho høyrer om resultata frå undersøkinga. Ho har lenge slite med smerter i nakken.

– Eg ante ikkje det er så mange som har desse problema. Det er verkeleg synd at det er så mange, det er ikkje noko kjekt å ha det slik, seier Haugstvedt.

Ho fortel at ho er mest plaga med smertene når det nærmar seg eksamenstid, og meiner stress verkar inn på smertene.

– Det er eigentleg eit stort problem, for det gjer at eg blir fort ukonsentrert når eg sit på skulen, fortel ho.

Kan få seinskadar

Myrtveit seier det er viktig at ungdomane som slit vert fanga opp tidleg, for å prøve å gjere noko med problemet. Ho er uroa for at ungdomane må slite med smertene i mange år.

– Det ser ut til at dei ungdomane som slit med nakkeproblem i ungdomstida har høg risiko for å bli sjukemelde og må slite me nakkesmerter seinare i livet.

Haugstvedt fortel at ho vert uroa når ho høyrer om undersøkinga.

– Eg blir litt redd når eg tenkjer på at dette er noko eg kanskje må slita med resten av livet, seier Haugstvedt.