Ei 18 år gammal jente blei skadd under fotballkampen mellom Fana sitt damelag og Sandviken 2 på Nesttun idrettspark søndag kveld.
– I ein hovudduell mellom ein spelar frå Fana og ein frå Sandviken trefte jentene sine hovud kvarandre i staden for ballen. Sandviken-spelaren kom lettare frå det, medan Fana-spelaren blei liggande bevisstlaus etter taklinga, opplyser Atle Johannessen, sportsleg leiar for Fana sitt damelag.
Atle Johannessen som stod 50 meter frå fotballbana høyrte smellet godt.
– Me ringte 113 og både ambulanse og helikopter med lege var på plass etter få minutt. Jenta blei frakta til Haukeland universitetssjukehus i ambulansen og ho var då framleis bevisstlaus, seier Johannessen.
Haukeland universitetssjukehus melder søndag kveld i ei pressemelding at jenta er lettare skadd.
– Ho har vore til CT-undersøking og har vakna litt til igjen. Ho er betre, men omtåka og vil bli verande på nevrokirurgiskavdeling i ein til to dagar, opplyser sportsleg leiar for laget til jenta.
Etter uhellet på fotballbana blei det pause i 20 minutt før kampen fortsette. Kampen enda til slutt 2-0 til Fana.
– Då kampen var slutt blei det annonsert over speakeren at 18-åringen som blei skadd ikkje var bevisstlaus lenger. Då blei dei andre spelarane veldig letta, seier Atle Johannessen.