Hopp til innhold

Dette får folket røysta om

Medan me før røysta mest om språk og alkohol, er miljø og kommunesamanslåing det nye. Noreg har hatt nesten 150 lokale folkerøystingar dei siste tolv åra.

Vindmøller

FOLKERØYST: Det vert fleire og fleire folkerøystingar om miljø, ifølgje SSB-tala. Utbygging av vindkraftverk er noko av det vi røystar mest på.

Foto: Kjell Herskedal / Scanpix

Folkerøysting om vindmøller i Solund

NEI: Folk i Solund røysta i 2011 om utbygging av vindkraft - og sa nei.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

I løpet av 2000-talet har det så langt blitt halde 146 lokale folkerøystingar i Noreg. Det er i tre av Vestlandsfylka, nemleg Hordaland, Møre og Romsdal og Rogaland, at det har vore flest folkerøystingar viser statistikk frå Statistisk sentralbyrå (SSB). (Sjå oversikt nedst i artikkelen)

Det er særleg to tema som har bidratt til at fylke på Vestlandet har hatt mange folkerøystingar, meiner Tor Bjørklund, professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo.

– I første rekke er det røystingar om språk og alkohol. Det har vore fleire røystingar om dette på Vestlandet og det trekk opp i statistikken, seier Tor Bjørklund.

– Språkrøystingar har det vore mest av i nynorskkommunar, der ein har hatt røysting om målforma skal skifta frå nynorsk til bokmål, forklarer Bjørklund.

LES OGSÅ: Flertall for nynorsk i Åmli | Målkrangler går til folkeavstemning | – Under 40 prosent av Oslo-borgerne vet om OL-avstemning

Dette røystar vi om

Folkeavstemning

ENGASJEMENT: Det blir ofte stor mobilisering rundt folkerøystingar. Her frå Nesodden der det i 2006 blei halde folkerøysting om slamdumping.

Foto: NRK

Frå 1970 og fram til 2012 blei det halde 716 lokale folkerøystingar.

  • 43 av prosent av folkerøystingane sidan 1970 har vore om målform.
  • Omtrent kvar fjerde avrøysting er om sal av alkohol.
  • Saker om krets, identitet og territorium utgjer nesten 30 prosent.
  • Berre 22 saker av dei over 700 har handla om miljø.

Statistikken til SSB viser at folkerøystingar om miljø er blitt meir utbredt i nyare tid, og heile 3/4 av folkerøystingane innanfor kategorien miljø er blitt haldne på 2000-talet.

Folkerøystingar som blir kategoriserte som miljø handlar ofte om vindkraft.

– Miljø på veg fram

Ifølgje SSB er miljøspørsmål eit tema som er «på veg opp». Av dei åtte folkerøystingane som blei haldne i 2012 handla fem om miljøspørsmål og tre om målform.

– Det har vore ein viss auke i røystingar om miljø, og det vil nok bli fleire røystingar knytt til miljø, seier Bjørklund.

Kommunesamanslåing er eit anna området det er blitt fleire folkerøystingar om dei siste åra, særleg etter at det på 90-talet blei vedteke av kommunesamanslåing berre skulle gjennomførast på frivillig basis.

Bygd i Etne ber om folkerøysting i haust

Siri Klokkerstuen

SA NEI: Siri Klokkerstuen, varaordførar i Etne, sa nei til bygda som ville ha folkeavrøysting.

Foto: Arbeiderpartiet

I bygda Fjæra i Etne er det eit ønske om å få halda ei «territoriell»-folkerøysting. Sist veke fekk Etne kommune eit brev frå innbyggjarar i Fjæra, som ønskjer folkerøysting om bygda skal flytta over til Odda kommune.

Fjæra i Etne kan få cruiseanløp.

SKIFTA KOMMUNE: Innbyggjarar i bygda Fjæra ønskjer folkerøysting om å 'flytta' frå Etne til Odda kommune i Hordaland.

Foto: Arkiv / NRK

– Me ønskjer for det første å sjå på stemninga, for å sjå om me har folket med oss, for å då eventuelt kunna søka om ei overflytting til Odda kommune, seier Ingebjørg Rullestad, ein av initiativtakarane.

– Me ønskjer å ha ei levande bygd. Det er vanskeleg å få til utan barnefamiliar og me ser at det er vanskeleg å få barnefamiliar til å busetta seg i bygda når skulen ligg nesten fem mil unna, forklarer om ønsket om å bytta kommune.

Innbyggjarane i Fjæra bad i brevet som blei sendt til kommunen om lokal folkerøysting om dette i samband med stortingsvalet i september i år. Det er ikkje mogleg å få til meiner varaordføraren i Etne.

– Me får ikkje avhalde kommunestyret som kan avklara om me skal ha folkerøysting tidsnok, seier varaordførar Siri Klokkerstuen.

Ho lovar at kommunen vil sjå på ønsket etter ferien, og at det skal få ei skikkeleg handsaming. Men ho er ikkje glad for ønsket frå folket.

– Eg synest ikkje det er noko kjekt utspel.

Folket sa nei, politikarane ja

Ei folkerøysting som fekk stor merksemd var då innbyggjarane i Odda i 2007 røysta over om dei ville at kommunen skulle søka UNESCO om verdsarvstatus og freding av gamle smelteverksomnar.

Smelteverket i Odda.

SMELTEVERKET: Folkerøystinga i Odda i 2007 handla om kommunen skulle søka UNESCO om verdsarvstatus der blant anna delar av det gamle smelteverket skulle inngå.

Foto: Engen, Torolf, Torolf Teigen / SCANPIX
Ordførar i Odda, John Opdal

IKKJE NY: Det er per i dag ikkje aktuelt med ei ny folkerøysting om UNESCO-søknad frå Odda, meiner Odda-ordførar John Opdal.

Foto: Privat

– Det var veldig delte meiningar om spørsmålet og då var det viktig å ha ei folkerøysting. Det var eit stort krav i befolkninga, og det var ei underskriftskampanje som tilsa at det var fornuftig å ha folkerøysting om spørsmålet, seier Odda-ordførar John Opdal (H).

51 prosent av oddingane som røysta sa nei til verdsarvstatus.

– Det var knappast mogleg fleirtal mot Unesco på den folkerøystinga. Det var ei rådgivande folkerøysting og då kommunestyret behandla resultatet av folkerøystinga så var det eit knappast mogleg fleirtal for at dei skulle gå vidare med søknaden om Unesco-status i Odda. Det er dette kommunestyret er bundne opp av, seier John Opdal.

I fjor vedtok Riksantikvaren å legga UNESCO-søknad i Odda på is i minst to år.

– Er det aktuelt med ei ny folkerøysting om dette?

– Per i dag er det ikkje aktuelt med ny folkerøysting. Me får venta og sjå utviklinga i no toårsperioden, og så får me eventuelt ta stilling til det spørsmålet på ny etter det, seier Odda-ordføraren.

Over 90 prosent tatt til følgje

For lokale folkerøystingar der det handla om alkohol eller språk fanst det tidlegare reglar som sa at folkeinitiativ kunne få i gang slike folkerøystingar, og reglar som sa at resultatet blei bindande viss det kom over ein viss prosentdel.

I språkspørsmål er det framleis mogleg å krevja folkerøysting viss 1/4 av innbyggjarane i kretsen ønskjer det, men resultatet er ikkje lenger bindande.

– Kommunestyret har suveren rett til å avgjera om det blir folkerøysting og om ein skal ta omsyn til resultatet eller ikkje, seier Bjørklund.

Resultatet i folkerøystingar er rådgivande, men ei oversikt frå SSB viser at i perioden 1970–2012 har heile 90,6 prosent av resultata blitt tatt til følgje.

– Folkerøystingar er rådgjevande, men når ein ber folk om råd er det vanskeleg å overstyra. Slik sett er det ikkje så stor forskjell på om dei er bindande eller rådgivande, seier Bjørklund.

LES OGSÅ: Folkeavstemning om kommunebytte | Må ha folkeavstemning om nynorsk eller bokmål | Austre Åmøy vil inn i Rennesøy

Meir i Europa

Ifølgje Tor Bjørklund er det i andre europeiske land blitt auka merksemd rundt lokale folkerøystingar, medan det i Noreg er blitt mindre.

I andre europeiske land handlar folkerøystingar i stor grad om det same som i Noreg, viss ein ser vekk frå språk og alkohol. Det har vore ein viss auke i talet på folkerøystingar i andre europeiske land, og vindkraft og lokalisering flyplassar og liknande er døme på aktuelle tema.

– Alkohol og språk som tema for folkerøystingar er på retur og det er difor blitt færre folkerøystingar i Noreg dei siste åra. Meir liberale haldningar gir færre røystingar om alkohol og nynorsk er blitt trengt tilbake til kjerneområdet på Vestlandet. Når færre bruker nynorsk blir utgangspunktet mindre, forklarer Bjørklund.

Talet på folkerøsytingar i perioden 2000-2012:

Fylke:

Talet på røystingar:

Hordaland

21

Møre og Romsdal

17

Rogaland

15

Oppland

14

Sør-Trøndelag

12

Telemark

11

Aust-Agder

9

Sogn og Fjordane

9

Buskerud

8

Nordland

7

Vest-Agder

5

Vestfold

5

Troms

4

Akershus

3

Østfold

3

Hedmark

2

Nord-Trøndelag

1

Oslo

0

Finnmark

0

Ekspander/minimer faktaboks

Kjelde: SSB