Hopp til innhold

Stadig meir lakselus på Vestlandet

I fleire av fjordane som vert overvaka på Vestlandet er det observert meir lakselus enn i fjor. Det likar ikkje statssekretær for fiskeriministeren, Amund Drønen Ringdal.

Lakselus

UTFORDRING: – Lakselus er den største utfordringa for norsk havbruksnæring, meiner statssekretær Amund Drønen Ringdal.

Foto: NRK

Tal frå havforskingsinstituttet viser at det så langt i år, spesielt i Hardangerfjordsystemet, vil vera monaleg meir lus enn dei to føregåande åra.

– Me har hatt ein kald vår med lite snøsmelting. Det gjer at saltinnhaldet i sjøen har vore høgt, noko som gjer at lakselusa trivast litt betre, seier statssekretær Amund Drønen Ringdal.

Statssekretær Amund Drønen Rindal

UROA: Statssekretær for fiskeriministeren Amund Drønen Ringdal meiner noko må gjerast for å handtera lusesituasjonen.

Foto: Mette Ballovara / NRK

Dei fleste måleområda i Hardangerfjorden har halde seg inne i den grøne sona for lakselus. Det vil sei at det har vore lite lus og ein kan tillata vekst. Men i år er situasjonen annleis.

Reduserer talet på fiskar

– Det ser ut til at me har ein situasjon som er tilnærma sånn som det var i 2011 og 2012, og er over dei 30 prosentane som er sett som ei grense for å hamna i raud sone, seier Bjørn Olav Kvamme ved Havforskingsinstituttet.

Raud sone tyder at oppdrettsanlegg i området bør redusera produksjonen av laks og aure. Drønen Ringdal seier at dei har planlagt eit nytt system.

– Me har nyleg vedteke ei stortingsmelding som skal koble veksttakta mot den miljømessige bærekrafta med tanke på lus. Systemet vil være på plass i løpet av to år. Men på kort sikt må vi ha enkelttiltak i områda med økning, som Hordaland, seier Drønen Ringdal.

– Brukar for mykje medisin

– Om me skal fleirdobla oppdrettsproduksjonen som me har lyst til, og som me meiner det er rom for, så me handtera luseutfordringa, seier Drønen Ringdal.

I dag finst det ingen vellukka måtar å hanskast med lusa på.

– Det som uroar oss aller mest er at me ikkje har effektive metodar for å driva med avlusing. Me bruker for mykje medisinar i dag og har auke i resistens. Myndigheitene jobbar med dette, og frå næringslivet si side blir det brukt enorme ressursar for å finna ei god løysing på problemet.