Hopp til innhold

Når kunden ikkje betalar, leverer Erling avfallet tilbake

Erling Pettersen har funne den perfekte metoden for å få betalt for jobben han gjer.

Erling Pettersen

ERLINGS METODE: – Litt gips, murbitar og ein gammal do er mellom det dei får denne gongen, seier Erling Pettersen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Til dagleg er jobben til Erling Pettersen å henta avfall hjå privatpersonar som har bestilt tenestene hans.

Når NRK møter Pettersen er varebilen full av avfall, men i dag er planen å gjere det stikk motsette av det selskapet hans Rydd Bergen har slått seg opp på.

Vi får starte med 100 kilo, for å vise at vi meiner alvor.

Erling Pettersen

Den daglege leiaren går nemleg utradisjonelt til verks mot kundar som ikkje betalar.

– Det hjelper sjeldan å sende inkasso. Difor køyrer vi like godt bosset i retur, fortel Pettersen.

Boss Bergen sentrum

LEVERER AVFALLET TILBAKE: Slik blir resultatet når Erling Pettersen ikkje får betaling.

Foto: Rydd Bergen

– Dei fleste betalar til slutt, så dette er effektivt

Han parkerer firmabilen utanfor bustaden til ein av syndarane i Bergen sentrum, og set av eit stort lass med avfall.

– Litt gips, murbitar og ein gammal do er mellom det dei får denne gongen, seier Pettersen.

Renovasjonsfirmaet har på førehand åtvara kunden om at avfallet kjem i retur dersom han ikkje betalar.

– Her skulle vi eigentleg levert 700 kilo avfall. Men vi får starte med 100 kilo, for å vise at vi meiner alvor. Dei fleste betalar til slutt, så dette er ei effektiv ordning, seier Pettersen.

Inkassobransjen: – Haldningane er i endring

Han opplever stadig oftare at folk med god råd og full mogelegheit til å betale, ikkje gjer det, og at eit vanleg inkassovarsel ikkje er nok. Det er Pettersen langt frå åleine om.

– Det er ei endring i haldningane til slikt. Unge i dag skvett ikkje lenger om dei får eit inkassovarsel, fortel styreleiar Baard Bratsberg i Norske inkassobyråers forening.

Inkassobransjen krev inn 7,5 milliardar kroner i året. Ein tredjedel av krava kunne vore unngått, om folk hadde hatt betre kontroll på rekningane sine, seier Bratsberg.

– Det er mange som føler det er lettare å misleghalde betalinga til ei lita verksemd enn til ei stor. Samstundes er det for dei små og mellomstore det er heilt avgjerande å få betaling til rett tid, seier Bratsberg.

– Høyrest svært uvanleg ut

Forbrukarombodet fortel at praksisen til Rydd Bergen er svært uvanleg. Men kan på ståande fot ikkje ta stilling til om praksisen er lovleg eller ikkje.

– Dette er ein framgangsmåte som me aldri har tatt stilling til, og som høyrest svært uvanleg ut. Det eg kan seia er at det ifølgje marknadsføringslova er forbod mot å nytte urimelege vilkår overfor kunden, utan at eg vil ta stilling om det er snakk om det i dette tilfellet, seier Frode Elton Haug som er juridisk direktør i Forbrukarombodet.

I utgangspunktet rår forbrukarombodet bedriftene om å følgja vanleg praksis for betalingsinnkrevjing.

– Den vanlege framgangsmåten vil jo vera å senda purring og deretter gå til inkasso, seier Haug til NRK.

Erling Pettersen

EFFEKTIV METODE: – Dei fleste betalar til slutt, så dette er ei effektiv ordning, seier Erling Pettersen om å levere tilbake avfallet.

Foto: Sølve Rydland / NRK