Hopp til innhold

– Dyra på Akvariet i Bergen lir

Fleire noverande og tidlegare tilsette ved Akvariet i Bergen meiner dyrevelferda er under ei kvar kritikk. Direktør Kees Ekeli trur kritikken er uttrykk for at dei tilsette ikkje føler seg skikkeleg involvert i avgjerdsprosessane.

Kees Ekeli og Akvariet

FÅR KRITIKK AV SINE EIGNE: 19 tilsette og tidlegare tilsette ved Akvariet i Bergen har sendt eit mistillitsbrev til direktør Kees Ekeli der dei kritiserer forholda nokre av dyra lever under.

Foto: Leif Rune Løland

Drifta og arbeidsforholda ved Akvariet i Bergen, ein av Noregs største turistattraksjonar, fekk denne veka krass kritikk frå Arbeidstilsynet.

Akvariet i Bergen

SELDAMMEN: Seldammen frå 1960-åra står høgt oppe på lista over det Akvariet vil modernisere, seier direktør Kees Ekeli.

Foto: Christine Kongsvik

Denne veka sende også tilsette og tidlegare tilsette ved Akvariet eit mistillitsbrev om dyrevelferda på Akvariet til direktør Kees Ekeli. Dei meiner pingvinane, selane og slangane lever under dårlege forhold.

Til saman har 19 personar skrive under på brevet. Åtte fast tilsette, fem ekstrahjelper, to praktikantar og fire tidlegare tilsette.

– Pingvinar blir skadd og døyr

Dei noverande og tidlegare tilsette som står bak brevet ramsar opp ei rekkje forhold ved Akvariet dei meiner er direkte skadelege for dyra:

  • «Heile arealet pingvinane går på er berre betong. Dei har ingen gøymestader, særleg i den nye dammen. Den gamle pingvindammen oppfylte i alle fall nokre av krava.»
  • Pingvinar har fått mykje skader, og det har vore dødsfall, som alle har med utforminga av dammen å gjere.

    Tidlegare og noverande tilsette ved Akvariet i Bergen
    «Det er mange døme på at pingvinar har fått mykje skader, og det har vore dødsfall, som alle har med utforminga av dammen å gjere.»
  • «Verken dyrepassarar eller andre med kunnskap vart tatt med på råd då Akvariet bygde ny sjøløvedam og pingvindam i 2012.»
  • «Selane har ingen skjulestader og kan bli skremt. Seldammen er som eit svømmebasseng heime i ein hage. Publikum står oppe på takterrassen og ser rett ned på selane.»
  • «Slangeutstillinga er bygd på mellombels løysingar som ikkje er eigna for dyra.»
  • «Akvariet manglar sjukerom, og har ikkje godkjent karantenerom. Her har Akvariet mykje å jobbe med.»

– Meir opptatt av korleis dammen ser ut enn dyrevelferd

I 2011 blei dyrehaldet ved Akvariet i Bergen kritisert i eit lesarbrev i Bergens Tidende. Direktør Kees Ekeli sa då til NRK at han var sikker på at dyra hadde det bra.

Dei tilsette og tidlegare tilsette seier til NRK at situasjonen ved Akvariet har blitt forverra etter utbygginga i 2012.

Pingvinar

– Det er mange døme på at pingvinar har fått mykje skader, og det har vore dødsfall, som alle har med utforminga av dammen å gjere, seier ein av dei som står bak rapporten til NRK.

Foto: Linn Sjøvangen Steinsland / NRK

– Leiinga er meir opptatt av korleis dammane ser ut enn dyrevelferd. Det kostar å halde oppe krava til dyrevelferd, men det er viktig at dette blir tatt på alvor.

Dei meiner mange av manglane kunne vore unngått dersom leiinga hadde hatt tillit til dei tilsette sine kvalifikasjonar, og tatt dei med i avgjerslene.

– Det har med måten direktør Kees O. Ekeli styrer. Han veit best og ingen får meine noko. Dei som har prøvd å gå mot han, er forsvunne ut av bedrifta. Svært mange gode fagfolk har slutta, og fleire av dagens tilsette er no sjukmelde på grunn av arbeidsforholda, seier ein av dei som har skrive under på rapporten til NRK.

– Me har sunne og friske pingvinar

Eg kjenner meg ikkje att i dette. Verkeleg ikkje.

Kees Ekeli, direktør ved Akvariet i Bergen

Direktør ved Akvariet, Kees Ekeli, meiner kritikken er uttrykk for at dei tilsette ikkje føler seg godt nok involverte i avgjerslene.

– Me har stort fokus på dyrevelferd og har alltid hatt det. Mykje av kritikken som vert reist er vanskeleg å forstå. Me har veldig sunne og friske pingvinar, så det opplevast heilt feil å peike på at pingvinane har det dårleg.

– Det kan då ikkje vere ein kritikk av meg at slangar ved Akvariet i Bergen har dårleg dyrevelferd. Dette er noko me prioriterer i høg grad. Eg kjenner meg ikkje att i dette. Verkeleg ikkje.

Han presiserer at seldammen har behov for vesentlege utbetreingar. Dette vil dei gjere noko med.

– Definitivt. Dammen er frå 1960-åra og står høgt oppe på lista over det me vil modernisere.

– Skal involvere dei tilsette meir

Even Romarheim og Kees Ekeli ved Akvariet i Bergen

TILLITSVALD: Tillitsvalt Even Romarheim stadfestar at dei tilsette meiner Akvariet har ein del utfordringar i forhold til dyrevelferda.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Tillitsvalt Even Romarheim vil ikkje kommentere kritikken av manglande dyrevelferd frå noverande og tidlegare tilsette:

– Det kan eg ikkje uttale meg om, men eg kan stadfeste at dei tilsette meiner Akvariet i Bergen har ein god del utfordringar å jobbe med i forhold til velferda for dyra våre. Det er absolutt ting vi bør rette på, seier Romarheim.

– Eg trur kritikken er uttrykk for at dei tilsette ikkje føler seg skikkeleg involvert i avgjerdsprosessane, og der skal vi bli betre, lovar Ekeli.