Hopp til innhold

SEIER OPP 70 TILSETTE:

Reiarlaget Eidesvik kvittar seg med om lag 70 skandinaviske sjøfolk. Nedskjeringane vil skje i løpet av dei neste månadane, skriv selskapet i ei pressemelding. Til avisa Sunnhordland seier administrerande direktør Jan Fredrik Meling at det er for tidleg å slå fast om det er tilsette i Sunnhordland som må gå. Ei av årsakene til oppseiingane er dårlege tider i seismikkmarknaden.