Hopp til innhold

– Dei må ikkje rive ned sitt klaraste fortrinn

Sparebanken Vest legg ned ni filialar og kuttar 55 årsverk. – Deira største konkurransefortrinn er nettopp nærleik til kundane, meiner Aksel Mjøs, 1.-amanuensis i økonomi ved NHH.

Sparebanken Vest

LEGG NED NI FILIALAR: Sparebanken Vest sin filial på Sletten i Bergen er ein av dei ni filialane som no vert lagt ned i Hordaland. I tillegg kuttar Sparebanken Vest 55 årsverk.

Foto: John Nøstdal / NRK

I denne omgang er det snakk om ni kontor. Men me kan ikkje sjå bort frå fleire kutt.

Informasjonssdirektør Lars Ove Breivik

Sparebanken Vest legg ned filialar i Sveio, Sæbøvik, Skånevik, Frekhaug, Rong, Ulvik, Eidfjord, Jondal og Sletten i Bergen.

– Heile banknæringa jobbar for å tilpasse seg til ein ny digital kvardag. Når kundane våre brukar banken på ein heilt ny måte og spør etter nye tenester, så må me gjere endringar, seier informasjonsdirektør i Sparebanken Vest Lars Ove Breivik.

Sparebanken Vest går no frå 53 til 42 kontor på heile Vestlandet. Seks av filialane er den siste i sin kommune. Det gjelder Sveio, Rong, Frekhaug, Ulvik, Eidfjord og Jondal.

– For dyrt å halde filialane opne

Lars Ove Breivik

KUTTAR: Informasjonsdirektør i Sparebanken Vest seier dei vil prøve å gjennomføre kutta med frivillig avgang, men kan ikkje lova at dei unngår oppseiingar.

Foto: Sparebanken Vest

Til BT.no, som fyrst omtala saka, seier Konserndirektør Hallgeir Isdahl at det kostar for mykje å halde oppe kontor som få brukar.

– Det er kostbart å halde oppe kontor der kundar kanskje berre er innom ein gang i året. Samtidig endrar infrastrukturen seg i form av for eksempel betre vegforbindelsar. Dermed blir kanskje reisetida til nærmaste filial framleis den same for mange.

Det er ikkje lenge sidan Sparebanken Vest la ned fleire av sine filialar. I 2013 blei kontor på Nesttun i Bergen, i Lindås, Masfjorden, Fedje, Granvin, Utne, Strandebarm og Røldal lagt ned i Hordaland. I Sogn og Fjordane blei filialar i Høyanger og Årdal lagt ned.

Fleire filialar er den siste i kommunen

Informasjonsdirektør Lars Ove Breivik, seier dei forventar reaksjonar på at banken no legg ned fleire filialar.

– Når ein tek vekk noko som har vore der over lengre tid, vil det alltid bli reaksjonar. Det er me førebudde på denne gongen også. Me skal gje informasjon om kvifor me gjer det, og kva som er alternativa til dei kundane som blir ramma.

– Fleire av filialane er dei siste i sin kommune. Korleis kan kundane få eit fullverdig tilbod no?

– Fleire og fleire brukar no digitale tenester. Me ser for oss at me skal hjelpe folk som ikkje nyttar desse over på dei. Så vil me sjå på løysingar for butikkar og kontor som har brukt nattsafen hos oss, og prøve å få til overgangsløysingar for dei.

LES OGSÅ: Fagforening: – Bytt bank!

– Denne trenden held nok fram

Aksel Mjøs

FORTRINN: – Sparebanken Vest sitt klaraste konkurransefortrinn er nærleik til kundane, og innsikt i kva bedrifter og privatpersonar i Hordaland trenger. Det må dei ikkje rive ned, seier Aksel Mjøs, 1.-amanuensis i økonomi ved NHH.

Foto: NRK

Bank og finans er alvorleg prega av digitalisering og global konkurranse, seier Aksel Mjøs, 1.-amanuensis i økonomi ved NHH.

– Sparebanken Vest er ein relativt liten lokal bank, og dei må kjempe mot dette. På den andre sida er Sparebanken Vest sitt klaraste konkurransefortrinn nærleik til kundane, og innsikt i kva bedrifter og privatpersonar i Hordaland trenger. Det må dei ikkje rive ned.

Sparebanken Vest

Sparebank Vest kuttar også inntil 55 årsverk ved inngangen til 2016. 27 av årsverka er tilknytt dei ni filialane.

Foto: John Nøstdal / NRK

Sidan toppåret i 1987, har talet på bankfilialar i Noreg blitt halvert. På 2000-talet har talet falle med 3–4 prosent året, seier Mjøs.

– Den trenden held nok fram. Det må me forholde oss til. Det blir neppe fleire filialar.

Han meiner Sparebanken Vest no må levere på lovnadane om å hjelpe folk til å bli vanen med digitale tenester.

– Fordelen er at jo eldre du blir, jo mindre rådgjeving treng du. Du låner mindre og sparar mindre avansert. Men ein treng framleis hjelp til transaksjonar, og der må dei levere.

Kuttar 55 årsverk

Sparebank Vest kuttar også inntil 55 årsverk ved inngangen til 2016. 27 av årsverka er tilknytt dei ni filialane. Breivik seier dei ikkje kan love at folk ikkje blir sagt opp.

– Me vil prøve å få til frivillige avgangar, men me kan ikkje sjå bort frå at det kjem oppseiingar.

– Kan det komme fleire nedleggingar?

– I denne omgang er det snakk om desse ni kontora. Men me kan ikkje sjå bort frå at me vil kutte meir i kontornettet.

LES OGSÅ: Forsvarer Klakeggs million-sluttpakke