Hopp til innhold

Store mengdar fisk rømte - berre ein oppdrettar sa ifrå

Fiskeridirektoratet har i haust fått fleire meldingar om rømt oppdrettsfisk i Ryfylke og Sunnhordland, utan at det er meldt til direktoratet og blitt sett i verk gjenfangst.

Illustrasjon oppdrettsanlegg

Dei siste vekene har det blitt fanga uvanleg mykje rømt fisk på Sørvestlandet (Illustrasjonsfoto).

Foto: Villa

Fiskeridirektør Liv Holmefjord

Fiskeridirektør Liv Holmefjord er lite nøgd med oppdrettsanlegg på Sørvestlandet ikkje har meldt frå om eventuelle rømmingar.

Foto: Gorm Kallestad / Scanpix

– Vi ser svært alvorleg på dette. Situasjonen syner at enkeltaktørar i næringa opptrer miljømessig uforsvarleg og samstundes set omdømet til heile næringa på spel, seier fiskeridirektør Liv Holmefjord.

Det byrja med at Fiskeridirektoratet fekk melding frå publikum om rømt oppdrettsfisk i Suldalslågen i slutten av september. I midten av oktober kom meldingane om at det vart tatt ut mykje rømt fisk fleire stader i Ryfylke.

– Vær så god, fisk!

Dei siste vekene har det også blitt fanga uvanleg mykje rømt laks i Etneelva og også i Kvinnherad.

- Det er ikkje godt nok at det skjer rømningar og at det ikkje blir teke ansvar og meldt frå om. Det er i alle sin i interesse at vi finn ut av dette, seier seksjonssjef Paul Jacob Helgesen i Fiskeridirektoratet til NRK.

Fylkesmannen i Hordaland har frå 1. oktober til 28. februar opna for fiske etter rømt fisk med garn.

– For Hardangerfjorden er det særskilt i kommunane Etne og Kvinnherad det vert meldt om store fangstar av rømt fisk. Meld frå til Fylkesmannen for å delta i dette fisket.

Takkar publikum

Det er ifølgje Fiskeridirektoratet ikkje meldt om rømming i dette området.

Men ein oppdrettar skal ha gjort som føreskriftene seier og meldt frå om mistanke om rømming frå eige anlegg.

Etter tipset frå publikum har Fiskeridirektoratet innhenta prøvar for å undersøkje om det er DNA-treff mellom fisk frå dette anlegget og fisk som er fanga i Suldal.

– Eg vil gjerne alleire no takke for innmeldingar og den betydelege friviligge innsatsen som er lagt ned for å ta ut den rømte fisken. Vi er heilt avhengige av raske tilbakemeldingar, seier Holmfjord.

NTB skriv at talet på lakserømningar i 2012 var rekordlågt for dette tusenåret.