NRK Vestland

Hopp til innhold

Rivende uenige i Bård Finnes røde kort

Siste nytt

  • Bil og buss i trafikkuhell i Sandviken i Bergen

    Ein bil og ein buss er involvert i ein samanstøyt på E39 i nordgåande retning ved Sandviken sjukehus i Bergen. Det er snakk om ein påkøyrsel bakfrå. Det er mindre materielle skadar og førebels ikkje meldt om at personar er skadd.

  • Ingen mål mellom Brann og KFUM i Oslo

    Bård Finne fekk raudt kort ein halvtime inn i den første eliteseriekampen på KFUM Arena på Ekeberg i Oslo søndag. Brann-spelaren sette knottane rett i ansiktet på KFUM-keeparen. Det vart ein sjansefattig kamp der ingen av laga greidde å skåre.

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Fekk førerkortet beslaglagt etter å ha køyrd i grøfta

    Politiet fekk i 16-tida melding om ein bil som hadde køyrd i grøfta i Studaleni Ytre Leirvik på Stord. Sjåføren, ein mann i tenåra, var uskadd, og fekk førarkortet beslaglagt.

    – Det er 30-sone på staden og det er mistanke om køyring i høgare hastigheit, melder Sør-vest politidistrikt.

  • Fri ferdsel att på E39 Vadheimsvegen i Sunnfjord

    Trafikken går som normalt att på E39 Vadheimsvegen i Sunnfjord etter at vegen har vore redusert og tidsvis stengt grunna trafikkulukke. To bilar var involvert, og ambulanse har sett til dei involerte personane.

  • To bilar i trafikkulukke i Sunnfjord

    Trafikken går sakte på E39 Vadheimsvegen ved Skilbreivatnet i Sunnfjord etter at to bilar var involvert i ei trafikkulukke. Det skal vere fire-fem personar i bilane. Naudetatane er på veg. Det er ikkje så langt meldt om alvorleg personskade, men nokon skal ha nakkesmerter, opplyser Vest politidistrikt.

    – Det er snakk om påkøyrsel bakfrå, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnord.