Teatersaka som Einar Busterud refererer til er opprettinga av Teater Innlandet.
I utgangspunktet ei gladsak som skulle skape eit friskt og levande teatermiljø i Hedmark og Oppland, men som er i ferd med å ende opp i ein kamp om lokalisering, ressursbruk og distriktsprofil.
Fylkestinget avgjer
Som så ofte tidlegare er det plasseringa som skaper dei største problema for samarbeidet mellom Hedmark og Oppland.
Dei tre mjøsbyane Hamar, Lillehammer og Gjøvik reknar seg alle som Innlandets hovudstad, og ingen liker at institusjonar forsvinn og tilbod blir plassert andre stader.
Hedmark har hatt eit sterkt teatermiljø rundt Hedmark teater, og eit utval foreslo også at det nye
.Dette skapte reaksjonar i Oppland, der fleire sentrale politikarar meinte at fylket fekk
.I løpet av februar skal dei to fylkestinga slå endeleg fast om dei verkeleg vil ha Teater Innlandet, eller om det heile fell i grus før det planlagte felles fylkestingsmøtet i mars.
– Når du kan risikere å ende opp med eit nei til Teater Innlandet på tvers av fagfolka sine råd, da er det vilja det står på, seier Hamar-ordførar Busterud.
Sjukehuset - eit evig stridstema
Men dette er langt frå fyrste gongen at samarbeid mellom Hedmark og Oppland har skapt spetakkel. Det mest naturlege dømet å trekkje fram er Sjukehuset Innlandet.
Helseforetaket vart oppretta i 2003, og både før og etter har det vore gjentekne kampar om plassering av tilbod og ressursbruk.
Les:
Les:
Les:
Les:
At sjukehuset til tider har streva med å følgje budsjetta og har vore tvinga til å gjennomføre upopulære kutt omtrent kvart einaste år sidan oppstarten har heller ikkje vore med og gjort situasjonen enklare.
Les:
Les:
Les:
Innlandsuniversitetet
Samtidig har målet om å få til eit universitet i Innlandet heller ikkje gått så smertefritt som ein håpa på.
Les:
Det blir fortsatt jobba for fullt med å få det på plass, men det er mange skjær i sjøen. Årsaka? Ja du gjetta rett, lokalisering og ressursbruk.
Les:
Kva som skal vere sentrum for eit framtidig universitet, og ikkje minst kvar rektor skal sitje har vorte heftig diskutert. Kva tid ei universitetsløysing kan vere på plass er fortsatt usikkert.
– Mykje intern spenning
Einar Busterud meiner tradisjonar er mykje av årsaka til at det er så vanskeleg å få til eit samarbeid mellom dei to fylka.
– Her i Innlandet var gardane så store at dei klarte seg sjølve, det var ikkje så farleg korleis det gjekk med naboen. På Vestlandet var dei meir avhengige av kvarandre og har kanskje vorte flinkare til å samarbeide, seier Busterud.
– Samtidig er det mykje intern spenning i dei to fylka. Når ein skal kople saman to motsetningsfylte fylke så blir det ein lapskaus som ikkje er heilt velsmakande.
– Dristig konklusjon
Fylkesordførar i Oppland, Audun Tron, er uenig i Busterud si tilnærming. Han meiner slett ikkje at den mykje omtala Teater Innlandet-saka er noko svenneprøve på om Hedmark og Oppland skal kunne samarbeide i framtida.
– Vi har faktisk klart å samarbeide på mange område, som til dømes når det gjeld samferdsel, kollektivtrafikk og i fjellpolitikken. Det er dei sakene der det er usemje som får alt fokuset, medan det som faktisk fungerer ikkje blir nemnt.
Les:
Han tykkjer også at fokuset på geografi får altfor mykje merksemd i diskusjonane om samarbeid.
– Det er somme som alltid må peike på geografien, og meiner det er viktigare enn det som det skal samarbeidast om. Når det er slike diskusjonar dukkar media opp, og fotfølgjer oss i lengre tid.
Samarbeid Elverum - Hamar - Gjøvik - Raufoss?
Einar Busterud er på si side lei av alle samarbeidsproblema som dukkar opp og ser nå etter andre løysingar.
– Vi utviklar jo samarbeidet både med Gardermoenregionen og Stor-Oslo. Samtidig ser vi at vi klarer å samarbeide godt på aksen Elverum, Hamar, Gjøvik og Raufoss og vil vidareutvikle det arbeidet. Det vil jo føre til at området nord for Mjøsbrua vil tape.
– Det tykkjer eg er ei så snever tilnærming til dei moglegheitene heile Mjøsregionen har, at eg ikkje ein gong vil kommentere det.Busterud er ikkje nokon direkte aktør i samarbeidet mellom dei to fylkeskommunene, så det er lettvint for han å meine det han meiner. Så eg trur Innlandet og samarbeidet er tufta på noko langt meir enn det Busterud gjev uttrykk for, seier fylkesordførar i Oppland, Audun Tron.