Hopp til innhold

– Idealisme, interesse og mykje hardt arbeid

Magnar Aasheim var ein pioner i raftingturismen langs Sjoa. Nå deltek han i debatt om kva som skal til for å skape fleire arbeidsplassar innan turistnæringa i distriktet.

DKOP01

Følg debatten her frå klokka 19.00.

Moglegheita for innovasjon og nye arbeidsplasser i Nord-Gudbrandsdalen er temaet for kveldens debatt på biblioteket på Otta, med utgangspunkt i turistnæringa.

Kva slags potensiale som ligg i denne næringa, og kva som skal til for å få dette ut i praksis, er blant spørsmåla paneldeltakarane må svare på.

Stridstema som Nedre Otta-utbygging, samarbeidsproblem i turistnæringa og villreinproblematikken vil også vere naturlege tema å kome innom.

I panelet sit følgjande deltakarar:

• Magnar Aasheim, Sjoa rafting

• Helge Nordskar, Glittersjå fjellgard

• Dag Erik Pryhn, ordførar i Sel (AP)

• Ellen Anne Bergseng, styreleiar i Nasjonalparkriket reiseliv

• Paul Lindviksmoen, leiar for Naturvernforbundet i Oppland

Debatten startar klokka 19.

Flere saker fra Innlandet