Hopp til innhold

Toneprisvinnar spela med KORK

Ein gammal draum gjekk i oppfylling for Ingeborg Christophersen sist veke. Då fekk nemleg blokkfløytejenta frå Kongsvinger vere solist for Kringkastingsorkesteret.

Ingeborg Christophersen spelar med KORK

Spelar med KORK

I 2009 gjekk Ingeborg Christophersen til topps i musikkonkurransen Toneprisen. Ein del av premien den gongen var ein innspelingsdag med Kringkastingsorkesteret. Sist veke var det endeleg klart for opptak. Ikkje for seint, men for tidleg for Ingeborg.

– Eg er litt B-menneske, det er det eg er mest spent på. Om eg er klar, reint fysisk.

Ingeborg har fått innspelingsdagen sin delt i to bolkar over to dagar. Inne i sagnomsuste Store Studio på Marienlyst er det klart for opptak. Berre strykarar den første dagen. Også blokkfløyta då.

– Folk flest synest nok at blokkfløyte er eit litt snodig soloinstrument. Alle har jo spela det på skulen, meir eller mindre frivillig Men blandt musikarar er det meir aksept for at dette er eit instrument det går an å få god musikk ut av.

Og aksept får ho av orkesteret. Ikkje minst av dirigent og cembalist Knut Johannesen, som også er førsteamanuensis ved Norges Musikhøgskule:

– Ingeborg er ei stjerne på sitt instrument. Rett og slett, ei internasjonal stjerne.

Knut Johannesen

Dirigent Knut Johannesen

Foto: Arne Sørenes / nrk

For fire år sidan var Ingeborg ein travel musikkstudent med studier bak seg både i Nederland og Danmark. No jobbar ho som kantor på Nesodden, i tillegg til å vere ein mykje brukt frelancemusikar, m.a. for Rikskonsertane og Den Norske Opera og Ballett. Ho har vunne fleire prisar, og i 2012 mottok ho eit toårig arbeidsstipend frå Norsk Kulturråd. Men å spele solo med eit fullt symfoniorkester, det har ho aldri gjort før.

Det er andre opptaksdag. Eit fullt Krinkastingsorkester sit klare i Store Studio.

– Eg er så klar som eg kan bli, trur eg, seier Ingeborg på veg fram til mikrofonen.

På laurdag er det duka for ny Toneprisfinale i Maihaugsalen på Lillehammer. Den kan du sjå i direkte nett tv her på nettsidene våre nrk.no/ho

Kringkastingsorkesteret

Ingeborg Christophersen og KORK

Foto: Arne Sørenes / NRK

Flere saker fra Innlandet