Hopp til innhold

Svenskane tømmer Hedmark for tømmer

Sagbruk på svenskegrensa klarar ikkje å henge med på dei svenske rekordprisane. Nå fryktar dei at dei skal gå konkurs.

Treforedlingsindustrien i Innlandet ser at stadig mer av tømmeret når går rett til Sverige.
Svenskene betaler mer for tømmeret enn norske sagbruk har råd til.
Nå står ei hel næring i fare.

Stadig meir norsk sagtømmer går til Sverige.

Stadig fleire tog kryssar svenskegrensa fullasta med norsk sagtømmer. Forklaringa er enkel: Svenskane betaler betre enn det skogbrukarane kan få her i landet.

– Dei gjev ein pris som er nesten 20 prosent over det vi får i den norske marknaden, forklarer disponent Helge Urstrømmen i skogeigarforeininga Glommen.

Det er ikkje noko nytt at svenskane reiser med norsk massevirke. Nå går også stadig meir av sagtømmeret over grensa.

– Skogeigarar må ta ansvar

Fleire sagbruk i Hedmark, Akershus og Østfold slår nå alarm. Dei har ikkje råd til å vere med på priskampen, og fleire stader blir produksjonen teke ned. Bergene Holm, som har i alt åtte sagbruk, fortel at dei har teke ned produksjonen ved ein av sine to fabrikkar i Hedmark.

– Det er risiko for at vi kan måtte gjere det også på den andre, seier administrerande direktør Erland Løkken.

Han ber nå den norske skognæringa tenkje langsiktig. Dersom norske skogeigarar sendar tømmeret ut av landet, så vil ikkje dei norsk sagbruka ha noko å drive med.

– Dei bør ta ansvar på kort og lang sikt, seier Løkken.

Han vil ikkje spekulere i om det blir aktuelt med permitteringar, men fortel at dei har gått frå to til eit skift.

Tømmertransport

Fleire og fleire tog med norsk sagtømmer passerer grensa til Sverige.

Foto: Frode Meskau / NRK

– Aldri opplevd liknande

Ved sagbruket Eidskog Stangeskovene merkar dei allereie at det er mindre å gjere.

– Vi har tømmer å jobbe med i ei og ei halv veke. Det er uvanleg at så mykje tømmer går ut av landet. Dersom det held fram slik vil nokon måtte dra ned produksjonen eller legge ned.

Det seier disponent Leif Arve Ulfsbøl. Han har vore i næringa i 40 år, og har aldri opplevd at så mykje tømmer har gått ut av landet. Han fryktar at det same vil skje med sagbruksnæringa som det som har skjedd med tremasseindustrien i Sør-Noreg dei siste åra.

- Dersom denne galoppen held fram så vil vi sjå same tendensen i løpet av tre til fem år. Somme vil måtte legge ned på grunn av manglande lønsemd.

Gaute Nøkleholm i skogeigarorganisasjonen Norskog skjønar bekymringa frå sagbruksbransjen.

– Ingen innanfor verdikjeda ynskjer at tømmeret skal forsvinne ut av landet utan at det er foredla først. Så dette er heller ikkje noko vi set pris på.

Flere saker fra Innlandet