Hopp til innhold

Statsministeren heidrar Prøysen

I dag er det 99 år sidan Alf Prøysen vart fødd, og seinare i dag legg statsministeren grunnsteinen til eit nytt Prøysen-hus på Ringsaker.

Alf Prøysen

Alf Prøysen hadde vore 99 år 23. juli 2013, og han vert heidra mellom anna med at grunnsteinen på eit nytt Prøysen-hus vert lagt ned.

Foto: NTB / Scanpix

Han er nok over gjennomsnittet begeistra for Alf Prøysen, for han har lagt til side 35 millionar kroner til eit nytt Prøysen-hus.

– Eg trur han har vore med på å forme og forandre det norske folk, på ein mild, snill og ein positiv måte, seier investor Arthur Buchardt.

Prøysen-huset legg Jens Stoltenberg i dag ned grunnsteinen for.

– Det er jo 99 år sidan Prøysen vart føydd, 23. juli, og i 2013 klokka 13.00 skal den leggjast ned, seier Buchardt.

Huset er teikna av Snøhetta, og skal liggje rett sør for Prøysen-stova kvar Alf Prøysen vaks opp.

– Det skal vera ein arena til å vise kva Prøysen har skapt, og så skal det vera enkel visualisering av barndommen, oppveksten og livet hans, Buchardt.

Statsministeren legg grunnstein

Statsminister Jens Stoltenberg

Statsminister Jens Stoltenberg gler seg til å heidre Alf Prøysen.

Foto: Vilde Helljesen

I dag vert Prøysen mellom anna heidra med at den fyrste grunnsteinen til eit nytt Prøysen-hus skal leggjast ned, og det av statsministeren.

– Ja, det er det, og eg gler meg veldig, fordi Alf Prøysen var ein stor kunstnar som fortener eit flott senter, seier Jens Stoltenberg.

Sjølv om statsministeren har travle dagar, så har han likevel lagt vegen innom Rudshøgda.

– Det gjer eg fordi eg har lyst å vera med på markere det store som Alf Prøysen var med på å skape gjennom eit langt liv som kunstnar, fortel statsministeren.

– Han laga dikt, songar, og skodespel, og han har gitt oss fantastiske kulturopplevingar, nettopp med utspring i miljøet Ringsaker, Mjøsa, og heile Hedmark, legg han til.

Stoltenberg meiner Prøysen er ein del av norsk kulturarv som bør takast vare på.

Sigbjørn Johnsen har påverka

Sigbjørn Johnsen

Sigbjørn Johnsen er stor fan av Alf Prøysen.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Sigbjørn Johnsen som sit i regjeringa har i fylgje statsministeren påverka meir enn kva ein finansminister plar gjere.

– Normalt er det slik at finansministrar skal seie nei, men her var det ikkje nei å få, her var det ja, ja, ja, fortel Stoltenberg.

– Sigbjørn er jo ein stor fan av Alf Prøysen, og han syng Alf Prøysen-viser, framfører Alf Prøysen-dikt, og han ser det veldig fine i det Prøysen har gitt oss, fortel Stoltenberg vidare.

Han påpeikar at Prøysen har laga mykje fantastisk underhaldning, òg mykje flott for born.

– Eg har vakse opp med barnetimen med Alf Prøysen og Anne-Cath Vestly, og verdiane Prøysen stod for om småkårsfolk er viktige, seier han.

Til dømes tar statsministeren opp det at alle skal ha dei same mogelegheitene som gode verdiar Prøysen har skrive om. I tillegg trekk han fram fridomstrongen i tronge og undertrykkjande bondesamfunn for fleire tiår sidan som viktige.

– Det er ein fantastisk person me markerer med Prøysen-huset, legg han til.

Framleis relevant

Alf Prøysen

Statsminister Jens Stoltenberg meiner Alf Prøysen er relevant den dag i dag.

Foto: Jan Nordby / NRK

Sjølv om det er 99 år sidan Alf Prøysen vart føydd, så meiner Stoltenberg at Prøysen framleis er relevant.

– Det er han, både som kunstnar og ein som gir oss fine opplevingar, fine songar, men òg dei verdiane han stod for, seier han og trekk spesielt fram omgrepet graset er grønt for alle.

– Det er eit sterkt politisk omgrep om at griskokken har same rettar og same mogelegheiter som storbonden og det står og kan refererast til den dag i dag, fortel han vidare.

– Eller til dømes «du skal få ein dag i mårå» er eit omgrep som ber den dag i dag, seier han.

Prøysen ville vore 99 år den 23. juli 2013, og Prøysen-huset vert opna den dagen han fyller 100. Og Stoltenberg har òg sin favoritt når det gjeld Prøysen.

– Eg har mange favorittar, men eg trur eg vil trekkje fram «Jørgen Hattemaker» fordi det er ein så fin song, med fin melodi, og det er den eg har høyrt mest.

– Den har ein fantastisk bodskap om at menneske er like mykje verdt enten dei er rike eller fattige, seier han til slutt.

Markeringa der Stoltenberg skal leggje ned den fyrste grunnsteinen i Prøysen-huset er utsett til 14.30.

Flere saker fra Innlandet