Hopp til innhold

Regionavisene mistar lesarar

Nedgang i opplagstala for alle dei store regionavisene i Hedmark og Oppland.

Aviser i Innlandet.
Foto: Øystein Skotte / NRK

I dag kom opplagstala for avisene i Noreg, og det er ikkje lystig lesnad for avishusa i Hedmark og Oppland.

Glåmdalen, Hamar Arbeiderblad, Østlendingen, Gudbrandsdølen Dagningen og Oppland Arbeiderblad mista alle fleire hundre lesarar i fjor.

Hedmark

Avistal Hedmark

             Avis         

Opplag 2008

Oppgang/nedgang

Glåmdalen

19 370

- 478

Hamar Arbeiderblad

26 677

- 686

Lokalavisa Sør-Østerdal          

2 530

+ 446

Ringsaker Blad

7 172

- 155

Østlendingen

19 142

- 372

Folldals marked

1 289

+ 56

Østerdølen

1 016

- 185

Stangeavisa

2 516

+ 509

Hamar Arbeiderblad er den avisa i Hedmark som har mista flest lesarar. Storparten av desse har dei mista i Østerdalen.

- Mykje av desse har gått til lokalavisa Sør-Østerdal, som har same eigarane som oss, seier redaktør i Hamar Arbeiderblad, Rolv Amdal.

Han trur at folks medievaner endrar seg, og at avisene må endre seg deretter.

- Det nære stoffet og det å byggje lokal identitet blir viktigare, seier Rolv Amdal.

Oppland

Avistal Oppland

                    Avis

Opplag 2008

Oppgang/Nedgang

Gudbrandsdølen Dagningen

26 458

- 265

Oppland Arbeiderblad

26 578

- 595

Hadeland

7 487

+ 6

Norddalen

2 724

+ 207

Avisa Valdres

9 342

+ 139

Vigga

2 414

- 251

Fjuken

4 075

- 98

Dølen

4 325

+ 83

I Oppland er det Oppland Arbeiderblad som strevar mest, dei mista 595 daglege lesarar i fjor.

- Vi fekk ein større smell enn det vi hadde forutsett. Men det er på linje med mange liknande aviser, det er ein trend at distriktsavisene slit, seier sjefredaktør Jens Olai Jensen.

Han seier at einaste måten å snu denne trenden på er å lage eit enda betre produkt for deira lesarar. Og det er særleg i utkantane at Oppland Arbeiderblad mistar lesarar.

- Vi merkar konkurransen frå både Hadeland og Valdres, dei beheld sine lesarar medan vi slit, seier Jens Olai Jensen.

Flere saker fra Innlandet