Hopp til innhold

– Prøvar å sverte statsministeren

Avisa GD skriv onsdag at Jens Stoltenberg skal ha uttalt at han aksepterte forholdet mellom den overgrepssikta ordføraren i Vågå og ei mindreårig jente.

Mette Yvonne Larsen

UHELDIG: Rune Øygards advokat Mette Yvonne Larsen vil prøve å forfølgje korleis påstandane har kome ut.

Foto: NRK

Rune Øygards advokat Mette Yvonne Larsen er svært kritisk til GD:

– Dette er jo utsegn som ikkje har nokon sanningsverdi, og at dei blir publisert i avisa Gudbrandsdølen Dagningen er svært uheldig.

GD-artikkelen som Larsen reagerer på, går først inn på at bistandsadvokaten til jenta har kravd at statsministeren skal avhøyrast, fordi han kan ha viktige opplysningar i saka, og vidare står det:

«GD er kjent med at dette blant annet skal være utsagn fra statsministeren til Rune Øygard som Øygard har formidlet videre til jenta. Stoltenberg skal ha uttalt at han aksepterte forholdet mellom de to fordi alder ikke har noen betydning i kjærlighetsforhold.»

Reagerer sterkt

Larsen reagerer sterkt på påstandane:

– For det første reagerer eg på at ein publiserer slike påstandar utan å gi statsministeren moglegheit til å kommentere dei før dei kjem på trykk, og for det andre er det jo ikkje sant.

Larsen har vore advokaten til Rune Øygard etter at han vart sikta for seksuelle overgrep mot ei mindreårig jente i september i fjor.

Saka har ført til ei omfattande etterforsking. og om lag 60 vitne har vorte avhøyrt .

– Umogleg å forsvare seg

NRK har kontakta Statsministerens kontor for å få ein kommentar til GDs påstandar.

Dei svarer at det er heilt umogleg å forsvare seg mot slike påstandar.

Utover det seier statssekretær Hans Kristian Amundsen til NRK at statsministeren ikkje kan kommentere ei sak som er under etterforsking.

Men det gjer advokat Mette Yvonne Larsen:

– Dette oppfattar eg som eit forsøk på å belaste landets statsminister på ein veldig grov måte, og å øydelegge for Rune Øygard, seier ho.

– Det er vel openbart for dei fleste at dette ikkje er sant, og at ein publiserer det i avisa gjer det ikkje meir sant.

– Har du snakka med din klient om denne saka i dag?

– Ja, og han synest dette er veldig kjedeleg. Nokon er tydeleg ute etter å skade både han og statsministeren på ein upassande og infam måte.

Avviser all kritikk

Redaktør i GD Kristian Skullerud avviser all kritikk i saka:

– Eg synest det er eit poeng å få fram kvifor ein ønskjer å avhøyre Stoltenberg, seier han til NRK.

Kor sikre er de på at det de skriv om statsministeren i onsdagens avis er riktig?

– Vi er sjølvsagt alltid sikre på kjeldene vi har i slike samanhengar. Eg vil også understreke at dette dreier seg om påstandar som har kome fram i samanheng med saka.

– Kven er kjelda?

– Det kan vi som presse sjølvsagt aldri seie noko om.

– Advokat Larsen meiner at dette svertar statsministeren, kva tenkjer du om det?

– Det gjer det sjølvsagt ikkje. Det står klart i saka at det er snakk om påstandar.

Korleis har statsministeren reagert overfor avisa GD i dag?

– Vi har ikkje fått noka form for reaksjonar på dette.

Onsdag kveld skriv VG-nett at Skullerud innrømmer at «det er lett å misforstå det som står skrevet i dagens utgave av avisen:

– Man kan selvsagt være enig eller uenig om at det kom godt frem hva som var ment i dette avsnittet, sier Skullerud.»

Flere saker fra Innlandet