Hopp til innhold

– Kunne ikkje levd med noko anna enn ei rettssak nå

Den overgrepstiltalte ordføraren Rune Øygard er glad for at det nå er opp til rettssystemet å avgjere skuldingane mot han.

Rune Øygard

Rune Øygard seier at han ynskjer å halde fram som ordførar når denne saka er avklart. Nå ser han fram mot at saka kjem til rettssystemet.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

Førre veke vart Ap-ordførar Rune Øygard i Vågå tiltalt for gjentekne seksuelle overgrep mot ei mindreårig jente. Statsadvokaten i Hedmark og Oppland meiner eit av overgrepa skjedde før jenta var 14 år.

Øygard har heile vegen hevda si uskuld, men både politi og statsadvokat har festa tiltru til jenta si forklaring. Nå kjem altså saka opp for retten.

NRK møtte måndag Øygard og kona Reidun på hytta på Maurvangen, nær Gjende i Jotunheimen. Han har tidlegare stått fram med si historie i både VG og regionavisa GD, og får krass kritikk frå jenta sin bistandsadvokat fordi han nå stiller i media på ny. Han avviser at det dreier seg om ein gjennomtenkt pr-strategi.

– Det er for å kome i møte alle reaksjonane som har kome. Det er ikkje for å få sympati, men for at rettferda og sanninga skal kome fram. Det er ikkje sikkert at saka er så opplagt som media, naturleg nok, har framstilt den.

Video Rune Øygard om overgrepstiltalen

Rune Øygard om overgrepstiltalen

Mektig mann

Det er ei drygt halvår sidan saka sprakk i media. Øygard hadde vore ordførar i Vågå i 16 år, og var nyleg gjenvalt med reint fleirtal ved kommunevalet.

Han var ein mektig mann med eit stort nettverk, vart trekt fram som ein av Ap sine viktigaste og beste ordførarar, og Jens Stoltenberg har peikt på han som eit førebilete. Nå skal han forsvare seg mot alvorlege skuldingar i tingretten på Lillehammer.

– Når saka ikkje har vorte lagt bort så var det eigentleg godt da statsadvokaten tok ut tiltale. Det er berre ei rettssak som kan kaste ljos over det som har skjedd og få fram kva som eigentleg er sant.

Medan jenta har skildra fleire overgrep, heilt frå ho var 13 år, har Øygard heile vegen hevda si uskuld. Han peiker på at jenta var mykje hjå han og kona ei periode, og at det slik sett var naturleg at ho var med også på turar rundt om i landet.

– Meiner du at du har gjort noko feil i denne saka?

– Hadde eg sett kva omfang dette har fått, og visst at jenta, gjennom andre, har meldt meg til politiet for dette, er det ting eg gjerne hadde sett at eg ikkje hadde gjort. Men det var heilt naturleg og ikkje noko farleg med det, seier Øygard.

Vil attende som ordførar

Han fortel at han nå konsentrerer seg om rettssaka, men er klar på at han vil attende som ordførar i Vågå.

– Eg skal attende som ordførar. Eg gler meg til å fylle dagen saman med andre kommunestyremedlemmar og tilsette i kommunen, og sørgje for at kommunen får det innhaldet den skal ha. Eg ser at det her kan bli anke på anke, men eg ynskjer å kome attende.

– Fryktar du å bli ekskludert frå Arbeiderpartiet?

– Da måtte eg ha gjort det eg er skulda for, og det er langt frå realiteten.

Øygard fortel at han har vore i kontakt med med mykje folk, også i det politiske miljøet, etter at saka kom ut. Han vil ikkje kommentere om han har vore i kontakt med statsminister Jens Stoltenberg eller andre regjeringsmedlemmar den siste tida.

– Nyttar media til å prosedere si sak

Den nå 16 år gamle jenta sin bistandsadvokat, Nina Braathen Hjortdal, reagerer kraftig på at Øygard endå ein gong stiller opp i media. Ho er heller ikkje tilfreds med at media vel å la Øygard sleppe til.

Nina Braathen Hjortdal

Nina Braathen Hjortdal reagerer på at Rune Øygard stiller i media nok ein gong.

Foto: Alexander Nordby

– Han har heile vegen valt å bruke media til å prosedere si sak og si uskuld, og eg reagerer kraftig på at han gjer det endå ein gong. Det er sårande og krenkande for jenta at han endå ein gong går ut og framstillar ho som ein løgnar. Samtidig står ho godt i denne saka, og veit at ho pratar sant.

– Kva trur du dette betyr for folk si meining om Øygard?

– Eg trur mange opplever at dette er ein mann med makt som får lov til å bruke media til å prosedere si uskuld før rettssaka. Det trur eg mange finn krenkande, og eg trur ikkje det er så positivt for han.

–Trur han blir dømt

Nina Braathen Hjortdal registrerer at Øygard seier han er trygg på at han ikkje vil bli dømt når saka kjem for retten.

– Nå må det vere opp til dommarane om bevisa held. Eg har tru på at han blir dømt, og meiner det er bra bevismateriale i denne saka.

– Kva slags bevis?

– Det er bevis som stadfestar jenta si historie. Eg kan ikkje seie meir i media, bevisa skal framvisast i retten, det er der dei høyrer heime.

Video Nina Braathen Hjortdal om Øygards mediestrategi

Nina Braathen Hjortdal om Øygards mediestrategi

Flere saker fra Innlandet