Dermed drog statsråden i gang jubileumsåret 2009. Parken feirar nemleg 25 år, og jubileumsgåva er ”Trollfallet og prinsessen i Tårnet”.
Huitfeldt sa i opningstala si at det var lett å seia ja til dette oppdraget.
- I fjor var vi på besøk med familien her i parken, og da lurte vi veldig på kva som skjulte seg oppover i eventyrslottet, sa ho.
Kjempegøy
Etter at statsråden hadde stått for den offisielle opninga ved å kutte bandet med eit stort sverd, fekk dei besøkande prøve den nye attraksjonen.
- Dette var kjempegøy, det er like morosamt for vaksne som for barn, sa Huitfeldt.