Hopp til innhold

Ola-fest i Gausdal

–Det har i lang tid herja Idolfeber i Gausdal. Og i kveld kjempa gausdølen Ola Børde Reistad (17) om ein finaleplass.

IdolOla

Berre nesten for gausdølen Ola Børde Reistad i kveldens semifinale i Idol. Her saman med brødrene og mor. (fv) Eskild Klophus, Cato Klophus, Marit Børde og Christer Klopsy Klophus.

Foto: Ola Reistad

For det er ikkje kvart år det er to Gausdøler som kjempar i toppen i ei nasjonal, tv-sendt songkonkurranse. Marta Elise Bøshaugen Klungsøyr (16) endte på ein imponerande femteplass.

–Det har vore sett opp bussar til Oslo, og det er mange som reiste ned dit i kveld også, seier Anita Steinslien.

Olafest

Anita

Foto: Even Lusæter / NRK

Det har vore mange som har bidrege og vore i sving for å få til bussturar og storskjerm-show. Det har vore ein slags dugnad her for å få dette til, seier Steinslien, som hadde fått ansvaret for Ola-festen i Gausdalshallen i kveld.

–Næringslivet i Gausdal har sponsa mykje av dette, og det har vore ein dugnad, seier Steinslien.

Og då semifinala tok til kl. 20.00 i kveld, hadde det samla seg vel eit halvt hundre Gausdøler for å heie fram helten sin.

Filmsnutt frå storskjermshow i Gausdal

Stor stemning under fredagens semifinale i Idol.

Men sjølv om det lyste jamnt i telefonar rundt om i salen då stemmegjevinga pågjekk, så gjekk det ikkje heilt vegen for heimehåpet. Ola Reistad rauk ut i semifinala, men det er nok ikkje siste gong vi høyrer frå gausdølen.

–Eg står for det eg har sagt, seier ein av dommarane i konkurransen, Sandeep Singh. Er det ei stemme eg har lyst til å høyre på plåte, så er det Ola si.

Og Ola seier at han no vil satse alt på ei songkarriere.

Steinslien seier at dommarane valgte feil låt til Ola, men vi er enormt stolte av det han har fått til, seier ho.

Flere saker fra Innlandet