Hopp til innhold

Odd Nordstoga fekk Skjæraasen-prisen

– Ei stor ære, seier Odd Nordstoga, som i helga fekk tildelt Skjæraasenprisen i Trysil.

Annankvart år blir også Skjæraasenprisen delt ut. Den skal gå til nokon som tek opp dei same verdiane som Skjæraasen anten innan forfattarskap, kunst eller musikk. I år er det altså visesangaren frå Vinje i Telemark som får prisen.
– Det var eit lett val å gje prisen til Odd Nordstoga. Han tek opp mykje av det same som Skjæraasen i sine tekstar, som natur, kjærleik, ro, glede humor og refleksjonar over kvartdagslivet sine trivialitetar, seier Rasmussen.

Odd Nordstoga fekk overrekt Skjæraasen-prisen av ordførar Ole Martin Norderhaug.

Denne veka blir Skjæraasendagene arrangert i diktaren si heimkommune Trysil.

– Det er til minne om Einar Skjæraasen, samtidig som vi vil synleggjere litteraturbygda Trysil, seier leiar for Skjæraasendagene, Ester Borg Rasmussen.

Dei blir arrangert siste helga i oktober kvart år, og går over fire dagar.

– Veldig takksam

Annakvart år blir også Skjæraasenprisen delt ut. Den skal gå til nokon som tek opp dei same verdiane som Skjæraasen anten innan forfattarskap, kunst eller musikk. I år er det altså visesongaren frå Vinje i Telemark som får prisen.

– Det var eit lett val å gje prisen til Odd Nordstoga. Han tek opp mykje av det same som Skjæraasen i sine tekstar, som natur, kjærleik, ro, glede humor og refleksjonar over kvardagslivet sine trivialitetar, seier Rasmussen.

Nordstoga sjølv tykkjer det er ei stor ære å få denne prisen.

– Einar Skjæraasen er ein av dei ordentleg store. Eg er veldig takksam, seier Nordstoga.

Ester Borg Rasmussen

Leiar av Skjæraasendagene, Ester Borg Rasmussen, seier at det var eit enkelt val å gje prisen til Odd Nordstoga.

Foto: Jørn Nordli / NRK

Flere saker fra Innlandet