Hopp til innhold

Nedtur for Valdres-jentene

Korkje Håheim eller Blåfjelldal får plass på Stortinget.

Hanne Maren Blåfjelldal og Stine Renate Håheim
Foto: Arne Sørenes / NRK

I forkant av ein spanande valkveld vart dei to unge Valdresdamene Stine Renate Håheim frå Arbeiderpartiet og Hanne Maren Blåfjelldal frå Framstegspartiet trekt fram som jokerar som kunne avgjere heile valet.

Håheim var Ap sin fjerdekandidat, medan Blåfjelldal håpa å kome inn som FrP sin andrekandidat.

Ingen av dei to hadde marginane på si side, og måtte konstatere at dei hamnar utanfor Stortinget.

- Glad og skuffa

For Stine Renate Håheim vart det ein merkeleg kveld på Arbeiderpartiet si valvake i Øyer. Ho kunne konstatere at Arbeiderpartiet gjorde eit godt val, både på landsbasis og ikkje minst i Oppland, der dei fekk 46,1 prosent av stemmene. Men sjølv om partiet fekk ein større andel av stemmene enn ved det førre Stortingsvalet, mista dei eit mandat.

- Det er ikkje til å leggje skjul på at det er litt kjedeleg, det må vere lov å vere litt bitter. Vi hadde stang inn i Oppland 2005, nå hadde vi stang ut. Men eg må seie at eg fyrst og fremst er glad for at vi går fram etter fire år i regjering.

Hanne Maren Blåfjelldal har sett ut til å klare ein Stortingsplass på dei fleste meiningsmålingane fram mot valet, men datt ut da det virkeleg gjaldt.

- Eg er skuffa, for eg har jobba for dette lenge. Men ein må berre godta at veljarane har sagt sitt, og ikkje vil ha FrP så sterkt inne i Oppland.

Ingen frå Valdres

Ekstra skuffande tykkjer dei to det er at det ikkje blir nokon frå Valdres på Opplandsbenken på Stortinget.

- Eg hadde inderleg håpa på at Valdres skulle få ein representant. Men ein skal ikkje leggje skjul på at det er mange ressurssterke ordførarar og andre politikarar som vil kjempe for Valdres i åra som kjem, seier Håheim.

Og det kan fortsatt vere eit lite håp om at ho får vikariere på Løvebakken, dersom nokon av dei tre før ho på Ap-lista får plass i den nye raudgrøne regjeringa.

- Det er på tide at vi får ein minister frå fylket, så får vi nå sjå korleis det går. Arbeiderpartiet i Oppland kjem i allefall til å kjempe hardt for å få ein minister i regjeringa.

Hanne Maren Blåfjelldal må derimot finne seg i å vere varakvinne for Morten Ørsahl Johansen dei neste fire år, og konkluderer slik:

- Eg må ta signalet frå veljarane om at eg må finne på noko anna, og få meg ein jobb i den verkelege verda i staden.

Sjå kva Håheim og Blåfjelldal sa og tenkte like før vallokala stengde her.

Flere saker fra Innlandet