Hopp til innhold

Mat gjev mottakssuksess

Klare reglar og god mat fører til at det er få konflikter og brannutrykninger på ventemottaket på Åkershagan i Stange.

Kokk Ahmed Aden Galol og mottaksleiar Frode Hauen

Maten er viktig for å unngå konflikter på asylmottak, meiner kokk Ahmed Aden Galol og mottaksleiar Frode Hauen.

Foto: Tom Haakenstad / NRK

Asylmottaket på Haslemoen i Våler har eksplodert i uro dei siste vekene. Det har vore fleire valdsepisoder og mange branntilløp, og konfliktene har særleg vore store etter at dei måtte ta hand om asylsøkjarar som ventar på å bli sendt ut.

På ventemottaket Åkershagan i Stange i forholda heilt annleis. Drivarane trur at ein kombinasjon av klare reglar, moglegheiter for privatliv og ikkje minst god mat gjer bebuarane tilfredse.

Spisesalen er risikoområde

– Vi fokuserer på å lage mat som alle kan ete, same kva land dei kjem frå. Når eg gjer jobben min og alle er tilfredse med maten så blir det ikkje bråk. Dei fleste problema som er på andre mottak handlar om mat, seier kokk ved Åkershagan, Ahmed Aden Galol.

Han får støtte frå mottaksleiar Frode Hauen, som seier at god mat er ein av grunnane til at det er så lite bråk.

– Det er ein høg risikofaktor i spisesalen. Eg trur det er vesentleg at dei får god pleie, slik som dei fleste av oss gjerne vil ha.

Reint ventemottak

Åkershagan tok i mot 50 av bebuarane etter opprøret ved asylmottaket på Fagerli. Dei er nå eit reint ventemottak som tek seg av asylsøkjarar som har fått avslag på sin søknad, og skal sendast ut av landet.

Ved Haslemoen er det annleis. Der er det både bebuarar som skal bli sendt ut av landet og bebuarar som akkurat har kome til landet.

– Når ein ser på den bebuargruppa dei har sett saman på same mottaket, forundrar det meg ikkje at det blir rabalder, seier hovudtillitsvalt i drivarselskapet Hero, Ole Johan Rygh.

Han støttar dermed mottaksleiar på Haslemoen, Kjell Åge Moen, som vil ha bort dei som ventar, og på ny bli eit reint transittmottak for dei som akkurat har kome til landet.

Eitt- og tomannsrom

På problemmottaket på Haslemoen bur dei som skal sendast ut av landet på seksmannsrom. På Åkershagan bur dei på eitt- og tomannsrom.

– Det gjer at ein tek av ein del av trykket. Det er forskjellige nasjonar, rutinear og kulturar, og vi har god erfaring med at dei får eigne rom, seier Frode Hauen.

Flere saker fra Innlandet