Hopp til innhold

Svært stolt av «Lilyhammer»

– Eg er utruleg stolt av det vi har fått til med «Lilyhammer»! Det er den første europeiske serien nokonsinne som blir vist på originalspråket på eit stort amerikansk tv-nettverk. I tillegg har vi no sjåarar i over 130 andre land. Eg trur at både vi og NRK er stolte over dette. Men særleg overraska er eg ikkje.

intervju med Steven van Zandt

Nrk møtte Steven van Zandt på eit hotell i Lillehammer. Sjå intervjuet her. (Foto og redigering: Arne Sørenes)

Vi møter Steven van Zandt på det faste hotellet i OL-byen som alt i fleire år har lånt bort namnet sitt til dramaserien «Lilyhammer». Den siste veka har byen igjen vore prega av at «Frank Tagliano» er tilbake.

Den amerikanske mafiabossen som har har gjort lillehamring av seg, blir spela av van Zandt. No er han og resten av filmcrewet i gong med opptak til det som skal bli den tredje sesongen av den svært populære serien.

I norsk samanhang er det uvanleg at tv-seriar går over fleire sesongar, men amerikanaren som spelar hovudrolla i «Lilyhammer» er ikkje overraska over at dei no spelar inn enno ein sesong:

– Du veit, eg har berre spela i ein tv-serie tidlegare, og den gjekk over sju sesongar, seier ein humrande van Zandt.

Serien han siktar til er «The Sopranos», ein av dei absolutt mest suksessrike og populære tv-seriane gjennom tidene.

Steven van Zandt som eks-mafiabossen Frank i Lilyhammer

Steven van Zandt som eks-mafiabossen Frank i 'Lilyhammer'

Foto: Rubicon/ NRK

Ikkje spesielt valdeleg

Etter premieren på sesong 2 av «Lilyhammer», var det fleire som meinte at serien var blitt råare og meir valdeleg enn i første sesong. Steven van Zandt er ikkje heilt sikker på om så er tilfelle, men seier at noko vald må ein rekne med i det som trass alt er ein krimserie.

–Vi lagar ikkje ein komedie, you know. Det var ikkje det vi ville. Vi kallar det ein «dramady», altså ein serie med innhald, spenning og drama. Og då må vi ha ein trussel. Visst bruker vi noko vald, men meir som ein underliggjande trussel enn å vise «the real thing».

van Zandt meinar at kritikkarane må hugse at i USA blir serien vist på Netflix, som tross alt er eit abonnementsnettverk for vaksne. Det er på slike nettverk at all nyskapande tv no blir vist.

Alle seriar som viser vald og sex er på desse nettverka. Og samanlikna med mange andre, er «Lilyhammer» ikkje særleg valdeleg. Men dette er også dei intelligente seriane som viser kompleksitet og nyansar. Kanskje er «Lilyhammer» litt meir valdeleg enn det som er vanleg i Norge, men det er viktig å vise at handling har konsekvensar, og at «the bad guys» blir straffa på passande vis. Og sjåarane vil ha det! Det er frigjerane, og eg trur at det også er ganske sunt. At denne valden får sitt utløp på skjermen, heller enn i røyndommen.

Skal regissere siste episode

Steven van Zandt er først og fremst kjent som musikar, ikkje minst som fast gitarist i E Street Band, gruppa til Bruce Springsteen. Han har også eit fast radioshow, i tillegg til at han altså har vore skodespelar i tv-seriane «The Sopranos» og «Lilyhammer» meir eller mindre samanhengande sidan 1999. No fortel han at han også skal regissere siste episode av sesong 3 av «Lilyhammer».

Eg likar å gjere nye ting kvart år. Eg likar å lære, og å utfordre meg sjølv. Forrige sesong laga eg musikken, og det skal eg også gjere denne gongen. Men eg vil gjerne prøve noko nytt, you know, og regi har eg lenge hatt lyst til å gå i gang med. Det er noko nytt, og det er alltid gøy å prøve nye ting.

Little Steven i Lilyhammer

Frank Tagliano i 'Lilyhammer'

Foto: Nyhetsspiller

Håpar på ein fjerde sesong

Steven van Zandt seier at han vil bli svært skuffa dersom det ikkje blir nokon fjerde sesong. Etter ein amerikansk målestokk har serien låge produksjonskostnadar. I tilleg er serien populær, så alt burde liggje til rette for enno ein ny sesong:

– Alt har utgongspunkt i eit veldig godt manus som er skrive av Anne og Eilif (Bjørnstad og Skodvin, red.anm). Alt byrjar med det. Og så har vi nokre fantastisk gode norske skodespelarar som går utanpå kven som helst i verda.

Dette, i tillegg til at «Lilyhammer» korkje er heilt europeisk eller heilt amerikansk, gjer serien til noko heilt unik, meiner van Zandt.

– I tillegg trur eg at folk i resten av verda får eit kick av at handlinga skjer i Norge, eit land svært få har eit forhold til, og som har vore eit mysterium for mange. I allefall i USA. Alt er så forutsigbart i vår tid. Alt har blitt gjort før. Men ein tv-serie frå Norge er ukjent farvatn for dei fleste. Slik kan vi overraske folk, og pløye ny mark. Det er svært tilfredstillande, you know, avsluttar Steven van Zandt.

Flere saker fra Innlandet