Det var ein bil frå ein køyreskule som køyrde av vegen og inn i eit tre på fylkesveg 51 i Tisleidalen.
– Det var tre personar i bilen. Ein er sendt til Ullevål i luftambulanse, ein er sendt i ambulanse til sjukehuset på Gjøvik. Den siste personen ser ut til å vere uskadd, og er sendt til legevakt for sjekk, seier innsatsleiar i politiet, Bård Sørumshaugen.
Siste oppdatering frå Oslo universitetssjukehus er at mannen som vart sendt i luftambulanse har moderate skader.
Vegen var stengd ei periode etter ulykka.
– Vi veit ikkje kva som har skjedd, vi skal undersøke saka vidare, seier Sørumshaugen.
Ifølgje NRK sin reporter er det ganske sporete vegbane på staden.