Hopp til innhold

Har Noregs beste sommarjobb

Kathrin Aslaksby brukar sommaren til å rettleie fjellturistane. I år har ho god hjelp av 20 svoltne og sprelske geiter.

Ei rosa killingsnute stikk ut av luftehôlet på ein stor plastikktank på dekk på båten over Gjende. Ho er nok ei av dei mest maritime geitene i landet, og etter ein times båttur er ho og 19 medsystre klare til innsats på dei grøne engene ved Gjendebu. Dei er med matmor på jobb.

Matmor heiter Kathrin Aslaksby. Ho er til dagleg geitebonde i Heggenes, men samtidig har ho ein sommarjobb som dei fleste kan misunne ho. I fire månader i året er ho naturrettleiar i dei austre delane av Jotunheimen.

– Den finaste sommarjobben ein kan ha, meiner ho sjølv.

Killingarbeid

Og det er vanskeleg å kome på gode motargument når ei sol som har vore heller blyg tidlegare på sommaren, brått syner sitt blide åsyn gjennom eit florlett skylag. Dei mange fjella kappast om å sjå mektigast ut i den to mil lange spegelen som ber namnet Gjende.

– Ein kan vel seie at det er nokså pent her, kvitrar Aslaksby retorisk, før ho bøyer seg ned og ser til at geitene ikkje er sjøsjuke.

Dei særs sjarmerande, to månader gamle, geitene skal bidra med sin innsats i naturvernet si interesse denne sommaren. Fyrst og fremst gjennom sjarm og barnetekke, samtidig som dei syner fram effektiv skjøtsel av kulturlandskap i praksis.

– Dei beitar ned vegetasjonen slik at dei små plantene som er tilpassa gjennom 100 år med beiting får moglegheit til å vekse opp att. Dei gjer ein skikkeleg skjøtselsjobb.

Ikkje noko politi

Men jobben som naturveileder er slett ikkje berre geitehald, det er ein allsidig sommarjobb med organiserte turar i fjellet, foredrag og arrangement.

– Vi viser fram floraen, geologien og alle dyra som er i området her. Samtidig er det viktig å få folk til å forstå kvifor det er så viktig å ta vare på Jotunheimen og naturen her, seier Aslaksby.

- Oppdreg de folk som er i fjellet?

– Nei, dei fleste som kjem til fjells oppfører seg pent, og vi er ikkje noko politi med heva peikefinger.

Video Naturveileder i Jotunheimen

Kathrin Aslaksby fortel om gledene ved å vere naturveileder.

– Bukkelægret omtrent som Holland

Denne onsdagen i byrjinga av juli nyttar Aslaksby høvet til å henge seg på nederlandske Rob og Teun Gilsing. Far og son vil ta turen opp det stupbratte Bukkelægret mellom Gjendebu og Memurubu.

– Eg er ikkje sliten, det ser berre slik ut. Dette er jo omtrent som Holland, gliser far Rob i det han gyv laus på den siste klatringa, medan sveitten renn i strie straumar nedover panna.

Video ea4ac252-39da-48cf-bada-bb44b424ed2a.jpg

Sjå i kva tilstand nederlandske Rob Gilsing var i da han kom på toppen av Bukkelægret.

Dei er godt tilfredse med rettleiinga dei får, og er særleg imponert over all kunnskapen dei får om plantene.

– Ho har lært oss mykje, og ho er flink til å formidle. Vi har gått mykje i fjella i Frankrike, Italia og Austerrike, men utan å tenkje så mykje på plantane. Vi blir nok endå opnare for å sjå dei små blomane i framtida, seier dei blide nederlendarane, før dei tek fatt på dei siste bakkane opp mot toppen.

Har vi bruk for rettleiing i fjellet?

Attende på Gjendebu, har dei 20 geitene allereie vorte populære blant ei gruppe ungar som er på aktivitetsveke.

– Denne har vi kalla Max, gliser ein av ungane, medan han fôrar den nydøypte med sjølvplukka geitrams.

Geitene utfyller tydeleg sin misjon. Spørsmålet er om matmor Kathrin gjer det same. Har folk verkeleg vorte så hjelpelause at vi treng folk til å veilede oss også i fjellet?

– Eg meiner det er viktig å få fram kvifor vi faktisk har verna fjella våre, og kva moglegheiter som finst. Eg vil prøve å gje folk naturopplevingar som gjev rom for innleving.

Flere saker fra Innlandet